Hopp til innhold

Må betale svimlande summar i avdrag i 20 år

Kvar månad dei neste 20 åra må Bremanger kommune betale avdrag til Danske Bank på ei gjeld på 120 millionar kroner.

Må betale 120 millioner til Danske Bank

MARS 2036: Først i midten av mars om 20 år har Bremanger betalt ned gjelda si til Danske Bank.

– Det som desse avtalane er bygd opp på, er at vi skal betale ut eit årleg beløp til Danske Bank i dei 20 neste åra. Avtalen blir aktivert no i midten av mars, og i midten av mars 2036 er vi endeleg ferdig, seier rådmann i Bremanger, Tom Joensen, til NRK.

Høgsterett har kome fram til at avtalen mellom Danske Bank og kommunen er gyldig. Dermed har ikkje rådmannen noko anna val enn å setje i gong faste trekk av megagjelda til banken med hovudsete i Trondheim.

Avtale med høg rente

– Vi er sjølvsagt veldig skuffa og overraska. Eg har jo vore med i alle desse prosessane, og eg er veldig overraska over konklusjonen til Høgsterett. Vi har jo ikkje lese premissane for domen, så vi veit jo førebels ikkje kva som er vektlagt, seier Joensen.

Det er ein avansert økonomisk gjeldsavtale som no kjem til å gje store utslag for Bremanger kommune sin økonomi i mange år framover. Derivat-avtale vil i praksis seie ein låneavtale med svært høg rente, som rådmannen meiner at kommunen aldri skulle gått inn på.

– Den praktiske konsekvensen er at dersom domen hadde falle i vår favør, så hadde fått dekka det akkumulerte underskotet og vore ferdig med den saka. No må vi halde fram som før, og det er framleis eit underskot vi må dekkje dei komande åra.

Tom Joensen rådmann Bremanger

SKUFFA: Rådmann i Bremanger, Tom Joensen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Usikker på framtida

Rådmann Tom Joensen legg vekt på at dei har teke høgde for gjelda til Danske Bank i budsjett og økonomiske langtidsplanar, men at han sjølvsagt skulle sett at det enda heilt annleis. Om vanlege innbyggjarar i Bremanger vil merke dette i det daglege, er han usikker på.

– Det veit vi førebels ikkje. Ting endrar seg jo heile tida, både i høve rammer vi får frå overordna styresmakter og at det går føre seg andre saker i Terra-komplekset som vi ikkje er ferdig med. Det å stå her i dag og seie at det ikkje kjem til å bli merka, det gjer eg ikkje.

Avtalen med Danske Bank, som no må gjerast opp månad for månad dei neste 20 åra, er ein del av den såkalla Terra-saka.

– Blei svindla av Terra

Tida framover vil vise om fleire av sakene knytte til Terra vil kunne bli løyst til Bremanger sin fordel. Men rådmannen er klinkande klar i sitt syn på avtalane som blei inngått før han sjølv kom til kommunen.

– Det er sjølvsagt fortvilande. Dette er jo produkt som ein kommune aldri skulle hatt. Risikoeksponering for ein kommune høyrer ingen stad heime. Eg trur svaret er så enkelt at vi har blitt svindla av Terra. Eg trur ikkje vi blir ferdig med denne saka i 2016.

Kommunikasjonssjef i Den Danske Bank, Stian Arnesen, seier til NRK at dei i første rekke er nøgde med at det har kome ein rettskraftig dom.

– Saka er dermed er avslutta ein gong for alle. Men sidan dei såkalla domspremissane ikkje er klare enda, så kan vi ikkje gå i detalj på dette før det er klart.