Hopp til innhold

Gamlebilen til Kong Olav strålte blant amerikanske glis

HØYANGER (NRK): Den gamle promenadebilen til Kong Olav var blant høgdepunkta då åtti amerikanske råskinn i dag trilla inn til Høyanger.

Fekk prøvesitje bilen til Kong Olav
Foto: Geir Birkeland / NRK

I år feirar bilhobbyorganisasjonen AMCAR Norge 40 år. Jubileet blir feira med ein førti dagar lang køyretur gjennom heile landet. I dag var Høyanger stoppestad, det einaste i Sogn og Fjordane.

– Det har vore ei stor oppleving som alle oss som er bilinteresserte, seier Jan Edvard Gjersvoll, som hadde ansvaret for det lokale arrangementet i Høyanger.

Staseleg limousine

Blant dei blankpolerte doningane fann vi ein staseleg amerikanar, ein Cadillac Limousine frå 1951, som ein gong høyrde til våre eigen Kong Olav.

Bilen vart kjøpt ny då Kong Olav ikkje var konge, men kronprins, og han hadde den heile den heile regenttida fram til han døydde. Bilen enda opp i USA, før AMCAR Norge henta den tilbake for to år sidan. No er den nyrestaurert og blir for første gong vist fram til det norske folk.

– Det er ein bil som veldig mange kjenner til, den har blitt køyrt i mange prosesjonar og signingsferder og det som er. Mange presidentar og kongelege har sete i bilen, seier Hilberg Ove Johansen, dagleg leiar i AMCAR Norge.

Stor dag for dei bilgalne

For dei lokale arrangørane var det ei stor oppleving å få besøk av bilar du sjeldan ser i Norge.

– Når det møter opp store amerikanske trekkvogner som fløyter så du kjenner det inn i ryggmargen, så er det noko som har appell til oss som er bilinteresserte, seier Jan Edvard Gjersvoll.

Som lokal arrangør hadde han ansvar for all planlegginga i forkant av biltreffet. Men når det heile braka laus, fekk han ei mindre ansvarsfull rolle.

– Eg enda opp med å selje vaflar og kaffi og synst det var veldig gøy, sjølv om det ikkje høyrer så spesielt ut.

Og vaflesalet må ha gått strålande.

– I dag har eg vore så oppteken at eg omtrent ikkje fekk tid til å få sjå på bilutstillinga, seier Gjersvoll.