Hopp til innhold

Nær 300 glis synte seg fram i sin finaste stas - slikt blir det publikumsrekord av

Mange gjennomreisande lurte nok på kvifor trafikken gjekk seint gjennom Stryn laurdag. Då dei kom gjennom sentrum, lurte dei ikkje meir på det ...

– Det heile gjekk i grunnen veldig fint og knirkefritt. Nokon har det sjølvsagt litt travelt og har lite sansen for at trafikken går litt seinare, men stort sett smilte folk når dei såg kva som gjekk føre seg, seier Jørn Sønsterudbråten.

Han er festivalgeneral for motorfestivalen i Stryn, som denne helga vert arrangert for åttande år på rad.

Nær 300 køyretøy i kortesje

Og tradisjonen tru var det laurdag bilkortesje gjennom Stryn sentrum der alt frå gamle travarar frå byrjinga av 1900-talet, snutebilar frå 50-talet, traktorar, råstyla gatebilar og glinsande amerikanarar fekk både syne seg fram og bromme litt ekstra for å syne hestekrefter for dei nær 11.000 publikummarane. I alt rulla nesten 300 køyretøy rundt.

– Det var heilt enormt og utruleg flott å sjå på. At vi hadde så flott ver, gav ei nydeleg ramme rundt arrangementet. Over alt var det smilande fjes og folk som kosa seg, seier Sønsterudbråten.

For den som likar ting som rullar på fire hjul, låg mykje til rette for at ein skulle finne noko å kvile auga på.

Det glinsa i både krom og lakk, og mange bilar var vel så reine i motorrommet som på utsida, noko som kom vel med når motorblokka skulle takast nærare i augesyn.

Nokon av bilane synte også hestekrefter i praksis gjennom dragrace, med det som følgjer med av både lyd, lukt og røyk.

Har sett ny publikumsrekord

Festivalgeneralen gler seg stort over ny publikumsrekord også i år. Nesten tusen fleire tok turen til motorfestivalen i Stryn, og Sønsterudbråten legg ikkje skjul på at mange kjem tilbake til arrangementet år etter år, rett og slett fordi dei tykkjer det er bra.

– Hit kjem det folk frå store delar av landet. Mange møtest under vegs og køyrer i lag hit. Til dømes kom det ein heil gjeng som køyrde i lag frå Gudbrandsdalen. Så folk tykkjer det er bra, og det er kjekt for oss som står på, seier Sønsterudbråten.

Det som gler festivalgeneralen aller mest, er at arrangementet til no har gått knirkefritt og har vore fullstendig utan skadar av noko slag.

– Vi har hatt eit veldig fokus på tryggleik. Og det har fungert. Vi har også godt vakthald og eit godt samarbeid med politiet, seier Sønsterudbråten.

Glad for mangfaldet

Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt kan stadfeste at det trass i mange festglade menneske i Stryn natt til søndag, ikkje vart meldt om nokon episodar som politiet måtte slå ned på.

– Nei, det heile ser ut til å ha gått veldig fredeleg for seg, seier Hatlenes.

Sønsterudbråten har tungt for å trekkje fram eitt spesielt køyretøy som merkte seg spesielt ut.

– Nei, det går ikkje. Alle er unike på kvar sin måte, og det er utruleg flott at vi kan syne fram eit slikt mangfald av køyretøy, seier Sønsterudbråten.

Genererer mykje aktivitet

Heile arrangementet er dugnadsbasert, og Sønsterudbråten fortel at sjølv om besøket er stort, gir det ikkje akkurat pengar i kassen for arrangøren Fagre Stryn.

– Nei, dette er reint minusprosjekt for oss. Det kostar 50 kroner å delta i paraden, og dei går til amcar-klubben i Stryn. I tillegg genererer arrangementet aktivitet og sjølvsagt pengar i kassen til mykje anna næringsliv, men for oss i Fagre Stryn er dette noko vi gjer fordi det er moro, seier Sønsterudbråten.

Han er meir oppteken av at festivalen har synt seg som levedyktig, og at det genererer aktivitet andre stadar.

– Eg trur dette har bidrege til eit anna fokus og ei anna interesse for motorkøyretøy. Vi har sett at det ramlar fram klubbar og miljø mange stadar, og det er kjekt å sjå, seier Sønsterudbråten.