Hopp til innhold

Brum og fine fasongar på biltreff

Motorfrelste i alle aldrar troppa opp då den nasjonale motordagen blei arrangert på Årdalstangen.

Interessa for bil og motor er stor hos mange. I Årdal fekk fleire hundre frammøtte sjå eit stort utval av spennande bilar.

Nasjonal Motordag er ei landsomfattande markering der lokale klubbar, lag og foreiningar med motorinteresse set fokus på hobbyen.

Einar Sletten i Amcar Årdal fortel at arrangementet blei ein suksess.

– Dette var verkeleg bra. Vi hadde mellom 70 og 80 køyretøy utstilt og mange kom for å sjå. Eg trur det var eit par hundre innom i går kveld, seier han.

Stor interesse for bilar og motorsyklar

Dei skodelystne kunne sjå amerikanske bilar, motorsyklar og tyske, engelske, japanske og italienske sportsbilar. Til glede for dei minste var det også to gråtass-traktorar frå 50-talet.

I Årdal er det eit stor miljø for både bilar og motorsyklar. Amcar Årdal har om lag 40–45 bilar i klubben medan British Car Club of Jotunheimen har 10–15. I tillegg finst det to motorsykkelklubbar.

– Folk tykkjer det er spennande å opne panseret og kikke. I går hadde vi ein del spennande bilar som blir brukte på utstilling og i tillegg er premierte, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Torsdag kveld blei den nasjonale motordagen markert. På Årdalstangen kunne folk sjå amcar, sportsbilar og motorsyklar.

SJÅ VIDEO: Den nasjonale motordagen blei også markert på Årdalstangen. Sjå nokre av bilane som blei stilte ut.

Likar dei fine fasongane

Einar Sletten fortel at han alltid har likt bilar og det som brummar.

– Før eigde eg ein amerikansk bil, men akkurat no har eg ein BMW. Eg får sjå kor lang tid det tek før eg byter den ut.

– Kva er så fascinerande med bilar og motorsyklar?

– Eg tykkjer også det er mange fine fasongar på bilane. Eg set også pris på samhaldet mellom oss som har denne interessa. Vi reiser rundt på treff og det blir mykje prat om bil.

Og allereie laurdag blir igjen flotte bilar å sjå i Årdal. Då er det nemleg klart for Amcar-treff.

– Vi håper på 30–40 amerikanske bilar, i tillegg kjem det ein del Harleyar, seier han.