Hopp til innhold

Ti redningsoppdrag har vorte forseinka grunna tekniske feil

På tre månader har ti oppdrag for redningshelikoptera til 330-skvadronen vorte forseinka grunna feil. På det meste tok det 90 minuttar før Sea Kingen fekk start. Og reservedelar er knapt å oppdrive.

Forsvaret sine redningshelikopter er so utslitte at det kan gå ut øve beredskapen.
Dei snart 40 år gamle Sea King-maskinene har fleire gonger blitt forseinka av startvanskar.

UTSLITNE: Eldgamle og utslitne helikopter skapar trøbbel under redningsoppdrag.

Forsvaret sine redningshelikopter er så utslitne at det kan gå ut over beredskapen.

Dei snart 40 år gamle Sea King-maskinene har fleire gonger blitt forseinka av startvanskar.

– Det er gamle komponentar, gamle fly, gamle motorar, seier kaptein Åge Helle som jobbar som flyteknikar på 330-skvadronen.

Forsvaret sine redningshelikopter krev stadig meir vedlikehald. Dei eldste er frå 1973, og endå er ingen nye er bestilte. Samtidig minkar det på reservedelane.

Det vert produsert stadig færre reservedelar, noko som gjer kvardagen krevjande når helikopteret står der og ikkje vil starte.

– Vi slit litt der. Lageret er ikkje stort, for å seie det slik, seier Helle.

Har reaksjonstid på 15 minuttar

Både ved 330-skvadronen sine avdelingar på Banak, i Bodø, på Ørland, Rygge og i Florø har dei hatt forseinking i oppdraga sine dei siste tre månadene grunna tekniske problem.

330-skvadronen er pålagt såkalla tilstadesvakt med mål om å rykkje ut så raskt som råd. Målet er 15 minuttar reaksjonstid på alle basar utanom Rygge og Ørland, der måltalet er 25 minuttar reaksjonstid utanom normal arbeidstid.

Åge Helle

FÅ DELAR: Flyteknikar Åge Helle har problem med å få tak i reservedelar.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Beredskapstala for 3. kvartal 2012 er betre enn tidlegare i år, men framleis noko lågare enn kva ein ønskjer. Ørlan har hatt lågast beredskapsgrad i denne perioden.

Årsaka skuldast ei nødlanding i august som skuldast ein alvorleg feil i hovudgearboksen. Denne måtte skiftast i "felt", heiter det i kvartalsrapporten.

Maskin nummer to på Ørland var då inne på ettersyn, og erstatningsmaskin vart floten inn, direkte frå Iran.

I kvartalsrapporten kjem det også fram at mangel på delar og vanskar med forsyningssystemet gjer 330-skvadronen sårbare når det oppstår tekniske feil på helikoptera.

Fryktar det går utover liv og helse

Leiaren i Justiskomiteen, Per Sandberg (FrP), var torsdag på vitjing på basen i Florø. Der fekk han innblikk i utfordringane som mannskapet strir med.

– Det er ei bekymring at vi ikkje har klart å få på plass kontrakten. For kvart år brukar vi fleire og fleire millionar kroner for å halde desse helikoptera i gang i forhold til vedlikehald, seier Sandberg.

Kva er årsaka til at Norge har venta i så mange år med å bestille nye helikopter?

– Eg har etterlyst vedtak i lang tid, og desse helikoptera skulle ha vore på plass i 2006, seier Sandberg.

Sandberg fryktar det til slutt kan gå ut over liv og helse.

– Ein må snart setje einskilde av desse fartøya på bakken, og då vil beredskapen bli betydeleg redusert, seier Sandberg.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Forsvaret sine redningshelikopter er so utslitte at det kan gå ut øve beredskapen.
Dei snart 40 år gamle Sea King-maskinene har fleire gonger blitt forseinka av startvanskar.

JOBBAR: Myndigheitene jobbar med å få på plass nye helikopter.

Byter om på delar

I hangaren på 330-skvadronen i Florø syner flyteknikaren fram verktøyskapet deira.

– Dette er det grunnleggjande vi har av verktøy. Vi måtte bytte tre slike på grunn av slitasje på innvendige lager. Desse sit på rotorhovudet på halerotoren, seier Helle, og syner fram ein sliten del.

Han legg ikkje skjul på at det snart kan bli vanskeleg å finne delar når ting går i stykke.

– Allereie no plukkar vi delar frå maskinene og byter om, seier Helle.

På Rygge flystasjon er sjefen for 330-skvadronen akkurat tilbake frå Finnmark.

Eitt av Sea King-helikoptera med base der er sett på bakken for omfattande vedlikehald, og bytta med eitt i betre stand.

– Vi er på etterskot i forhold til den opphavlege planen, og det er klart at når det gjeld alderen på Sea Kingen og utfordringane med å halde han operativ hundre prosent av tida, så kan det vel seiast at vi er altfor seint ute, seier oberst Rolf Folland som er sjef ved Rygge flystasjon.

Skal signere kontrakt neste år

I departementet vert det jobba med å få på plass ei avtale med ein leverandør av helikoptera som skal ta over for dei gamle Seaking-maskinene.

– Vi er i gang med å skaffe 16 nye redningshelikopter. Kontrakten skal underskrivast neste år. Det er ei milliardinvestering som skal sikre at vi har gode redningshelikopter i 30–40 år framover, seier statssekretær i justisdepartementet, Kristin Bergersen.

Kristin Bergersen, statssekretær

JOBBAR: Statssekretær i justisdepartementet, Kristin Bergersen, seier kontrakten om nye helikopter blir signert neste år.

Foto: Jan Egil Løvbak / NRK

Fire leverandørar finpussar anbod på nye helikopter, som skal leverast fortløpande frå 2016 til 2020.

I mellomtida aukar regjeringa vedlikehaldsbudsjettet kraftig for å halde dagens Sea King-park i lufta.

– Vi set av 300 millionar kroner ekstra neste år for å sikre at vi har Sea King-helikopter fram til vi har nye helikopter på plass, seier Bergsersen.

Har store problem med å få tak i delar

Men ekstraløyvinga roar ikkje obersten på Rygge.

– Det som er hovudbekymringa vår er å få tak i delar raskt nok. Det vert produsert mindre og mindre delar til Sea King-helikopter rundt om i verda, og vi slit med å få tak i dei. Vi har også problem med å få dei levert ut til den aktuelle basen så raskt som råd, seier Folland.

I kvartalsrapporten kjem det fram at naudsynte oppgraderingar og tiltak som må til for å betre teknisk kapasitet og reservedelsproblematikk først gong vart nemnt for fire år sidan. Dei same utfordringane gjeld framleis i dag.

Det fører til ein gradvis meir anstrengt beredskapssituasjon med stadig fleire beredskapsavbrot, heiter det i rapporten.