Hopp til innhold

Fylket sin nye turistattraksjon

Tre arkitektkontor konkurrerer om å få designe det nye utkikspunktet på Gaularfjellet.

Utkikspunkt Gaularfjellet

Ramstad Arkitekter vil byggje ein «utsiktsplanke» i eik, stål og laminert glas.

Foto: Ramstad Arkitekter

Statens Vegvesen investerer 2,3 milliardar kroner fram til 2016 på 18 nasjonalvegstrekningar. Det er ei underavdeling som heiter Nasjonal Turistveg som arbeider med dette, og dei får pengar frå statsbudsjettet.

Utkikspunkt Gaularfjellet

Jensen & Skodvin Arkitekter føreslår fleire betongplattformer på søyler over fjellskråninga.

Foto: Jensen & Skodvin Arkitekter

Målet er å trekke fleire turistar til Norge ved å bygge mellom anna utkikspunkt og rasteplassar langs spektakulære vegstrekningar rundt om i landet.

Onsdag 28. januar skal juryen presentere vinnarutkastet til utkikspunktet på Gaularfjellet, som ligg i løypa til å bli Nasjonal Turistveg. Aurlandsfjellet er også på denne lista, og der har trafikken auka etter at utkikspunktet Stegastein vart bygd.

Ferdig i 2012

Utkikspunkt Gaularfjellet

Code Arkitektur ønskjer å byggje eit trekanta amfi i betong, med utsiktspunkt på den ytste spissen.

Foto: Code Arkitektur

Per i dag er det Sognefjellet og gamle Strynefjellsvegen her i fylket som har fått offisiell status som Nasjonal Turistveg.

Utsiktspunktet på Gaularfjellet skal stå ferdig i 2012, og koste mellom åtte og ti millionar kroner. Til saman skal Vegvesenet bruke 18 millionar på strekninga .

Dei nasjonale turistvegane skal marknadsførast tungt overfor utanlandske turistar frå 2011.