Hopp til innhold

Stegastein vart Årets Anlegg

Stegastein i Aurland vart kåra til Årets Anlegg i byggindustrien.

Utsiktspunktet Stegastein
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Dette var eit spesielt interessant prosjekt, seier juryformann Gustav Pillgram Larsen.

Overraska

Utsiktspunktet Stegastein i Aurland vart onsdag kveld kåra til årets anlegg av bladet Byggindustrien. Anleggsleiar Helge Follevåg i Veidekke seier han vart overraska over den prestisjetunge prisen.

- Når vi konkurrerer mot anlegg til 1,3 milliardar kroner, og vi har ein kontraktsum på 9 millionar kroner, så er det overraskande at vi vinn.

Spesielt prosjekt

Stegastein er ei fire meter brei og 30 meter lang bru i massiv furu som dannar eit spektauklært utsiktspunkt frå Snøvegen mellom Lærdal ned mot Aurland og Aurlandsfjorden 640 meter lenger nede.

Stegastein er ein del av vegvesenet si satsing på Nasjonale turistvegar og er teikna av arktitektfirmaet Saunders og Wilhelmsen.

Det er entreprenøren Veidekke som får prisen, og juryformann Gustav Pillgram Larsen vedgår at det er spesielt at den går til eit så lite anlegg.

- Dette var eit spesielt interessant prosjekt, med godt samspel. Det er ein vanskeleg byggeplass, men arbeidet har blitt gjort med gode resultat for sikkerheita på arbeidsplassen, forklarar Larsen.

Høgthengande pris i anleggbransjen

Premien består av eit kunstverk, samt ein god porsjon heider og ære. Follevåg i Veidekke legg mest vekt på det siste.

- Det er klart dette er ei fjør i hatten for oss i vesle Sogndal, seier han.