NRK Meny
Normal

Fylkesveg 60 kan bli gjort om til riksveg - men den avgjerda kjem ikkje på lenge...

Fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt er éin av fylkesvegane som kan vere aktuell å gjere om til riksveg, meiner statssekretær Bård Hoksrud (Frp) i samferdsledepartementet.

Fylkeveg 60 på fylkesgrensa

KVEN SKAL BETALE? At det trengst utbetring på fylkesveg 60 mellom Grodås og fylkesgrensa, er det lite tvil om. Så lenge vegen er fylkeskommunal, er det ikkje pengar i sikte på lang, lang tid.

Foto: NRK

I indre Sunnmøre og i Nordfjord er frustrasjonen stor over at politikarane i Sogn og Fjordane har nedprioritert fylkesveg 60 mellom Grodås og Møre og Romsdal.
Hoksrud seier vegen blir vurdert omklassifisert til riksveg.

– Fylkesveg 60 går gjennom fleire fylke og har, slik eg ser det, ei viktig rolle regionalt sett. Det skjedde iallfall med riksveg 41 i Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder, som låg som fylkesveg frå Statens vegvesen, men vart løfta opp som ein riksveg, nettopp fordi vegen betydde mykje regionalt, seier statssekretær i samferdsledepartementet, Bård Hoksrud (Frp).

Vil utarbeide forslag til kriterium

Han ser dermed ikkje vekk ifrå at fylkesveg 60 kan komme i same situasjon.

– Det avheng også av korleis utviklinga har vore på vegen, seier Hoksrud.

– Er det at vegen er fylkeskryssande og at den betyr mykje regionalt to av kriteria?

– Det vil definitivt bety mykje. Men det er også andre ting ein må ta omsyn til. Viss det til dømes har vore stor trafikkvekst på vegen, vil det også vere eit viktig kriterium, seier Hoksrud.

Bård Hoksrud

MOGLEG: Statssekretær i samferdsledepartementet, Bård Hoksrud, meiner det kan vere mogleg at fylkesveg 60 ender som riksveg.

Foto: Odd Ragnar Lund

Han legg til at det nok vil verte utarbeidd nokre forslag til kriterium som Statens vegvesen og Vegdirektoratet skal sjå på.

– For å vurdere kva strekningar som eventuelt no bør bli løfta opp til riksvegar att, seier Hoksrud.

Svært viktig for næringslivet

Fylkesveg 60 er smal og svingete, og asfalten er dårleg. Dei som køyrer på fylkesvegen mellom Grodås og Møre og Romsdal fylke brukar sterke ord når dei skal beskrive standarden på denne vegen.

Og vegen er viktig for dei største bedriftene i området, ikkje minst for Stabburet, som produserer Grandiosa-pizzaen i Stranda.

– På denne vegen vert omtrent all osten til Grandiosaen og alt mjølet til pizzabotnane frakta. For oss er det veldig, veldig viktig at vi har ein trygg veg, både for sjåførar som skal køyre varer inn til oss og sjåførar som skal køyre varer ut, og for medtrafikantar, sjølvsagt, seier Orkla sin logistikksjef i Stranda, Einar Arve Nordang.

Saman med fleire andre bedriftsleiarar møtte han fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane tysdag.

Kravet var at fylkesveg 60 mellom Grodås og Møre og Romsdal fylke får dei pengane som trengst til utbetring.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Store skilnader på fylkesveg 60 i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

STORE SKILNADAR: Skilnaden på vegstandarden er stor når ein kjem frå Møre og Romsdal og kryssar fylkesgrensa inn i Sogn og Fjordane.

Står fast på fylkeskommunal prioritering

Politikarane har nedprioritert vegen til fordel for ein betre veg langs kysten, og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, står fast på den prioriteringa.

– Dette ligg fast i regional transportplan, så viss vi skal begynne å endre for kvar gong nokon ønskjer å endre ei prioritering, så vert det veldig uryddig, seier Kjelsnes.

Køyrer du lastebil på fylkesveg 60 må du altså sjå langt etter fylkeskommunale pengar til betre veg. Spørsmålet er om det vil komme statlege pengar til denne vegen dersom han får status som riksveg.

Regjeringspartia ønskjer at staten skal få tilbake einskilde av fylkesvegane, og statssekretær Bård Hoksrud meiner fylkesveg 60 kan vere blant vegane som vert statlege.

Vil sjå om det har skjedd ei utvikling

Men avgjerda om kva vegar som er aktuelle, let vente på seg. Avgjerda kjem korkje no eller til neste år, men først mot slutten av denne stortingsperioden skal regjeringa ta stilling.

– Dette er eit arbeid vi tenkjer å setje i gang mot slutten av denne perioden, altså i 2016 og 2017, seier Hoksrud.

Grunngjevinga for at regjeringa ønskjer å vente, er at reforma var i 2010.

– Viss ein tek det på slutten av denne perioden så har det fått virke eit par år. Då ser ein også om det har skjedd utvikling eller om det er tilhøve på einskilde vegar som gjer at ein bør vurdere å gjere dei om til riksvegar att, seier Hoksrud.

– Kjem de då til å ta ei avgjerd?

– Det er det vi tenkjer. Det har skjedd mykje på sju år, så det er heilt sikkert trong for å gjere endringar, seier Hoksrud.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå