Hopp til innhold

Samrøystes ja til å utbetre fv. 60 Olden-Innvik

Hovudutvalet for samferdsle set strekninga Ugla-Skarstein på fylkesveg 60 Olden-Innvik øvst på prioriteringslista. Onsdag skal saka opp i fylkesutvalet, før fylkestinget endeleg skal vedta saka i desember.

Samferdsleutvalet

SAMDE: Eit samrøystes samferdsleutval går inn for å utbetre strekninga Ugla-Skarstein på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det vart klart då utvalet fatta sine vedtak om den regionale transportplanen og kom ned si innstilling til fylkesutvalet.

Fylkesveg 60 Ugla-Skarstein på strekninga Olden-Innvik skal realiserast i løpet av kort tid.

I tillegg har utvalet lagt inn midlar til ferdigstilling av ein gang- og sykkelveg i Florø i samband med eit prosjekt som SFE har der ute.

– Det er prioritert frå Flora kommune, og vi har fått ei grei avtale med SFE om forskottering av prosjektet, så det har vi fått lagt inn, seier utvalsleiar Arnstein Menes til NRK.no.

Usamde om 45-minuttsregionen

45-minuttsregionen er også kommen inn på marginallista, og rykkjer dermed framover i køen.

– Der er det to grupper. Fleirtalet stemde for å først ta Svelgen-Indrehus, medan kryssinga av Nordfjorden i ytre er flytta lenger ned på lista, seier Menes.

Vidare på lista står fylkesveg 57 Nishammaren-Storehaug som nummer to og fylkesveg 60 Grodås-Møre grense på nummer tre.

– Vi har litt ulike utgangspunkt på investeringsramma. Det var også synleggjort i finansutvalet for nokre veker sidan, der Sp, Ap og KrF ønskjer å gjere seg nytte av den rentekompensasjonsordninga som no er innført att, men berre opp til 139 millionar, seier Menes.

Høgre og Frp har lagt inn meir midlar her.

Ville utbetra fv. 60 raskare

Ole Gunnar Krakhellen sit for Høgre i hovudutval for samferdsle.

– Vi ønskjer å leggje på plass meir midlar til investeringar, få sett av 420 millionar til fylkesveg 60 Olden-Innvik, slik at det kan gjerast raskare. Og utnytte det fulle potensialet, slik også fylkesrådmannen har skissert, seier Krakhellen.

– Rett og slett ta opp meir lån?

– Ja. Vi må vere klar over at det er takka vere den blå regjeringa at vi har eit handlingsrom i det heile. Rentekompensasjonsordninga var ute, men no er den inne att. Heller ikkje Sp eller Ap hadde hatt pengar å rutte med, hadde det ikkje vore for at den nye regjeringa har lagt til rette, seier Krakhellen.

Han legg til at det er takka vere Høgre og Frp både i regjering og i utvalet at ein er kommen så langt med Olden-Innvik.

Grupperingane er heller ikkje heilt samde om kva som ligg i omgrepet 45-minuttsregionen.

– Vi ønskjer å leggje til rette for at vi må sjå 45-minuttsregionen som ei pakke, at fylkestinget får opp ei eiga sak og kan definere innhaldet i den. Då er det opning for at det kan innehalde både Svelgen-Indrehus og ei kryssing av Nordfjorden, seier Krakhellen.

Skal endeleg vedtakast av fylkestinget

Senterpartimann Arnstein Menes deler naturleg nok ikkje heilt synet til Høgre-mannen Krakhellen.

– Vi har nok ei litt anna skildring av situasjonen, men vi også set pris på at vi har fått eit noko større handlingsrom til å kunne investere. Men dei midlane som er komne er avgrensa. Det er 20 millionar ekstra, i tillegg til rentekompensasjonsordninga. For Senterpartiet sin del, har vi vore tydelege på at Olden-Innvik skulle realiserast, uavhengig av desse midlane, seier Menes.

Men sjølv om utvalet har komme med si innstilling, kjem saka opp att i fylkesutvalet onsdag. Og ingen veit kor mykje som vil verte endra før fylkestinget har vedteke saka endeleg i desembermøtet.

– Eg trur hovudrammene no ligg for det endelege vedtaket. Utvalet sin intensjon har vore å jobbe mest mogleg i lag, og vi har ein god tradisjon på at viss vi om lag er samde, så prøver vi å få til felles forslag. Det skal begge sider av bordet ha ros for, seier Menes.

– Vil den velviljen syne att i fylkesutval og fylkesting?

– Eg håpar det. Høgre og Frp har stilt velvillige, og har bidrege til å få på plass ei semje. Eg håpar vi kan dra med oss Sp og Ap til å vere meir offensive. Den gang- og sykkelvegen vi går for i Florø, den gjekk vi inn for for eitt år sidan. Vi får ei utvikling, og det er vi i Høgre glade for, seier Krakhellen.

Får drive båtrute mellom Flåm og Gudvangen

Hovudutvalet for samferdsle har bestemt at Sognefjorden AS får drive båtrute mllom Flåm og Gudvangen heile året. Sognefjorden AS driv båtrutetilbod mellom Flåm og Gudvangen. No får dei utvida ruteløyvet sitt til både ei heilårsrute og tal avgangar på sommarsesongen.

Det nye ruteløyvet gjeld frå 1. januar 2014 til 31. desember 2023.

Hovudutvalet har samrøystes gått inn for at det blir litt dyrare å reise med buss og båt i Sogn og Fjordane i året som kjem.

Utvalet gjekk inn for å auke takstane på offentleg transport med tre prosent. Det har dei gjort nesten kvart år sidan 2010. Ferjetakstane gr opp med 3,5 prosent. Prisen på ungdomskortet blir ikkje auka, og ligg framleis på 370 kroner.

Spleisar på veg i Gloppen

Fylket spyttar inn 2,7 millionar kroner for å ruste opp fylkesveg 700 Nordstrandsvegen gjennom Sandane. Det skjer i eit spleiselag med Gloppen kommune.

Eit samrøystes samferdsleutval gjekk inn for dette etter forslag frå dei borgarlege partia Frp, Høgre og Krf.

Forslagsstillar Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre sa dette var eit fornuftig spleiselag, der ein fekk meir veg for pengane.