Hopp til innhold

«Det er ei skam og ei fallitterklæring»

Møre og Romsdal vurderer å bygge veg i Sogn og Fjordane. Fleire politikarar i nabofylket i nord seier politikarane i Sogn og Fjordane har svikta totalt, og at det er ei skam at fylkesveg 60 gjennom Hornindal til fylkesgrensa ikkje er utbetra.

Tryggestad og Sve

SVIKT, SKAM OG FALLITTERKLÆRING: Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad og samferdslepolitikar Frank Sve frå Møre og Romsdal er ikkje nådig i kritikken av politikarane i Sogn og Fjordane. Dei brukar sterke ord når dei karakteriserer nedprioriteringa av fylkesveg 60 gjennom Hornindal.

Foto: Frode Berg / NRK

Senterparti-ordføraren i Hornindal, Anne Britt Øen Nygård, meiner nedprioriteringa er ein skandale.

– Ja, det meiner eg altså. No har denne vegen vore så dårleg sidan det vart lagt asfalt tidleg på 1970-talet, og sidan har han vore dårleg, seier Øen Nygård.

Smal, humpete, masse krappe svingar, dårleg dekke og trafikkfarleg. Dette karakteriserer det 14 kilometer lange vegstrekket frå Grodås i Hornindal til Møre

Anne-Britt Øen Nygård

SKANDALE: Hornindalordførar Øen Nygård seier vegen har vore dårleg sidan 1970-talet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

og Romsdal grense og Stranda kommune. Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane ville prioritere strekninga på topp etter utbetringa av Olden-Innvik.

Men etter ein politisk dragkamp før jul i fjor, skuva fylkespolitikarane fylkesveg 60 ned på lista til fordel for kystvegen Måløy-Florø og Førdepakken.

– Dei har svikta total

– Det er ein kjempeviktig veg for Møre og Romsdal og han burde vere minst like viktig for Sogn og Fjordane. Eg fattar ikkje at det er mogleg å nedprioritere dette. Men dei har tydelegvis gjort det, seier Frank Sve.

Han er fylkesleiar i Framstegspartiet i Møre og Romsdal og medlem i samferdsleutvalet i fylkeskommune, og tidlegare ordførar i Stranda kommune. Han seier Sogn og Fjordane har svikta totalt.

– Kvifor er vegen viktig?

– Det er ein kjempeviktig akse ut av begge fylka, og knyter dei saman innanfor næringsliv og ikkje minst innanfor turisme. Vegen er også ein snarveg nord-sør no når indre trasé vart valt på E39 i Sogn og Fjordane. Den vegen vil berre verte enno viktigare i framtida, seier Sve.

Frank Willy Djuvik

IKKJE BLAND DEG: Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, ber Frank Sve passe sine eigne saker.

Foto: Benedicte Hole / NRK

Fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, fnys av kritikken frå partifellen.

– Frank Sve må sjølvsagt kritisere oss om han ønsker det. Men vi blandar oss ikkje inn i Møre og Romsdal sine prioriteringar. På same måte forventar eg at dei ikkje blandar seg inn i våre prioriteringar.

Djuvik forstår frustrasjonen, men seier fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane er nøydde til å sjå på kva som er best for sitt fylke.

Vil betale for vegen

Sve jobbar no for å få omklassifisert fylkesveg 60 til riksveg. Då kan Møre og Romsdal forskottere midlane som skal til for å få utbetra vegen.

– Vi er nøydde til å sjå kva vi kan gjere for å få vegen på plass. Med ei omklassifisering til riksveg vert vegen staten sitt ansvar. Då kan vi spele ei aktiv rolle gjennom forskottering for å få gjort noko.

– Men er det realistisk å få omklassifisert vegen slik at Møre og Romsdal kan få forskottert desse midlane?

– Det er like realistisk å forskottere sørover i Møre og Romsdal når vi kan gjere det nordover. Møre og Romsdal har vore villig til å forskottere for å få fart og få ferdigstilt vegprosjekt.

– Ei skam og ei ekstrem fallitterklæring

Ordførar i nabokommunen Stranda på Sunnmøre, Jan Ove Tryggestad frå Senterpartiet, karakteriserer nedprioriteringa av vegen gjennom Hornindal som skammeleg.

Han seier dei vil ha løyst problema mellom Stranda og Hellesylt om to år, og at dei då vil ha ein topp moderne veg.

– Kvivsvegen og tilstøytande vegar har utløyst investeringar på 2,2 – 2,3 milliardar. Vi har investert mellom 3 og 4 milliardar i dette området, og så ligg det att det eg definerer som ein blindtarm mellom Grodås og møregrensa, seier Sve.

Stranda-ordføraren er ikkje nådig i kritikken av fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane.

– Det er ikkje mindre enn ei skam, og det er ei ekstrem fallitterklæring.

Frank Willy Djuvik avviser kritikken, og angrar ikkje på at utbetringa av vegen gjennom Hornindal er nedprioritert.

– Eg er heilt sikker på at den prioriteringa vi gjorde var rett.

– Veldig farleg når to bilar møtest

På grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane ser Hornindal-ordførar Øen Nygård tydleg kor mykje dårlegare fylkesveg 60 blir så snart ein kryssar grensa sørover.

Vegen er ikkje berre elendig, men også svært trafikkfarleg, seier ordføraren.

– Når store køyretøy køyrer ut på kantane bryt kantane i hop. Vi har hatt mange utforkøyringar på den måten. I tillegg er det veldig mykje busstrafikk om sommaren mot verdsarvområdet i Gerianger.

– Det er veldig farleg når to bilar møtest. Vegen er grusom, rett og slett, seier Øen Nygård