Ikkje einig med fylkeslegen om at lovendring kan koste liv

Helseminister Bent Høie går i rette med fylkeslegen i Vestland. – Ikkje fagleg grunnlag for å seie at lovendring kan koste liv.

Bent Høie

USAMD: Det finst ikkje fagleg grunnlag for å seie det som fylkeslegen hevdar, at lovendringane fører til fleire alvorlege hendingar, seier Bent Høie.

Foto: Rune N. Andreassen / NRK

– Endringane i psykisk helsevernlov kan føre til fleire alvorlege hendingar med fatale utfall både for pasientar og andre, seier fylkeslege Helga Arianson.

I innlegget «Drapa i Haugesund og Florø er like alvorlege» skriv ho at helsetenesta har fått «færre reiskapar» etter at bruken av tvang vart stramma inn i 2017. Ho beskriv situasjonen som «vanskeleg» og «fortvilande».

– Politikarane våre har bestemt at vi skal akseptere større risiko. Det betyr at vi må forvente fleire alvorlege hendingar når situasjonen er slik, seier Arianson.

Loven om psykisk helsevern vart skjerpa i 2017 slik at pasientar med såkalla samtykkekompetanse skal få større moglegheit til å seie nei til behandling.

Helga Arianson

AKSEPT AV RISIKO: Endringa av lova inneber ein større aksept av risiko, meiner fylkeslege i Vestland Helga Arianson.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Helseministeren reagerer

Helseminister Bent Høie (H) er ikkje samd med fylkeslegen i at endringane i lova vil føre til fleire alvorlege hendingar.

– Eg er einig med det som vårt fremste fagmiljø på tvangsbruk i psykisk helse seier, nemleg at det ikkje finst dokumentasjon og fagleg grunnlag for å seie det som fylkeslegen hevdar, at lovendringane fører til fleire alvorlege hendingar. Det er også vår vurdering, seier han.

– Ikkje fagleg grunnlag

Overlege ved SIFER Nord, Kent Jensen, er med i Tvangsforsk, eit nettverk som forskar på bruken av tvang i psykisk helsevern. Han deler vurderinga til helseministeren.

– Det er ikkje forskingshaldepunkt for å seie at mindre tvang fører til meir vald, i alle fall ikkje alvorleg vald, seier han.

Kent Jensen, overlege ved SIFER Nord.

MANGLAR STATISTIKK: Overlege ved SIFER Nord, Kent Jensen, seier at det ikkje finst statistikk som kan gje eit godt svar på om lovendringa i 2017 aukar risikoen for alvorleg vald.

Foto: Tvangforsk

Bruker store ressursar

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, seier psykiatri er eit tema som stadig blir drøfta i politiet.

– Ein ser i enkelte høve at personar er for sjuke til å vere i politiet sin varetekt, men er for friske til å bli tvangsinnlagt. Når personar ramlar mellom to stolar, kan du få situasjonar der folk ute i samfunnet utgjer ein risko.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

VIKTIG DEBATT: – Dette handlar om kva risiko samfunnet er villig til å leve med, for eg er ikkje i tvil om lovendring er vel gjennomtenkt og har ei hensikt mellom anna av humane omsyn. Så er spørsmålet om prisen kan verte for høg, seier Arne Johannessen.

Foto: Truls Kleiven / Truls Kleiven

Politileiaren viser til at det er eit politisk spørsmål kva risiko samfunnet skal vere villig til å leve med.

– Hadde det i enkelte tilfelle vore hensiktsmessing med større bruke tvang?

– Vi som politi har alltid eit ansvar for å verne innbyggjarane og samfunnet. I nokre situasjonar opplever ein det frustrerande at ein ikkje kan gjere det godt nok fordi ein ikkje har den reiskapen – den er det andre som har.

Vil ikkje endre lova

Sjølv om Arianson meiner endringane aukar risikoen for alvorlege hendingar, vil ho ikkje endre lova.

– Det er ikkje i ein enkel situasjon vi har, men det har det heller ikkje vore før og det vil det aldri bli.