Hopp til innhold

Fylkeslegen skal granske Førde sentralsjukehus

Statens helsetilsyn overlèt til Fylkeslegen i Sogn og Fjordane å konkludere i saka der ein mann i 60-åra døydde under ein rutineoperasjon ved Førde sentralsjukehus.

Førde sentralsjukehus

BLIR GRANSKA VIDARE: Førde sentralsjukehus blir granska vidare av Fylkeslegen i Sogn og Fjordane etter at ein mann i 60-åra døydde etter ein rutineoperasjon.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Statens helsetilsyn har granska ferdig saka. Dei har ikkje funne grunn til å gjennomføre eit tilsyn ved sentralsjukehuset.

Gro Vik Knutsen i Statens helsetilsyn

HELSETILSYNET KONKLUDERER IKKJE: Gro Vik Knutsen i Statens helsetilsyn seier det blir opp til Fylkeslegen å konkludere.

Det opplyser Gro Vik Knutsen som er avdelingsdirektør i Undersøkelsesenheten i Statens helsetilsyn.

– Etter innleiande undersøkingar og vurdering fann vi at kriteria for å gjennomføre eit tilsyn ikkje var til stades. Dette byggjer på at saka er godt opplyst og at sjølve hendinga stod fram som oversiktleg.

– Samstundes fann vi grunnlag for at saka burde følgjast opp meir tilsynsmessig der det kan vere grunnlag for å stille helseføretaket spørsmål, sjå nærmare på rutinane deira og sjå nærmare på kva som skjedde i den aktuelle saka.

Dermed er det Fylkeslegen i Sogn og Fjordane som får saka, og har ifølgje helsetilsynet starta sine undersøkingar.

Varsla rutinemessig

Førde sentralsjukehus varsla sjølv då ein mann i byrjinga av 60-åra døydde under ein rutineoperasjon. Det oppstod komplikasjonar og det vart henta ein spesialkirurg frå Ålesund. Men livet til mannen stod ikkje til å redde.

Slike hendingar blir rutinemessig rapportert som ei avviksmelding og meldt inn til Statens helsetilsyn.

Fagdirektør for i Helse Førde, Mads Rekve, sa tidlegare i år at granskinga frå Statens helsetilsyn er rein rutine og blir gjort for å avdekke om det har skjedd noko kritikkverdig. No er helsetilsynet ferdig med sin jobb.

– Då vi fekk melding frå Helse Førde om dødsfallet i august henta vi inn informasjon frå helseføretaket og journalen til pasienten. Deretter gjorde vi dei innleiande undersøkingane og vurderingane i Statens helsetilsyn.

Fylkeslegen skal følgje opp

Statens helsetilsyn opplyser at dei i samråd med Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har blitt samde om at saka tilsynsmessig skal følgjast opp hos Fylkeslegen. Helsetilsynet har fleire måtar å følgje opp slike saker.

– Det mest omfattande er eit tilsyn hos Helseføretaket der vi kontaktar involvert helsepersonell og deira leiarar for å finne ut kva som har skjedd. I denne saka så var sjølve saka godt opplyst og hendinga stod fram som oversiktleg. Dermed fann vi ikkje grunn til å gjennomføre eit tilsyn.

Fylkeslegen stadfestar å ha motteke saka.

Det er Fylkeslegen i Sogn og Fjordane skal ifølgje helsetilsynet konkludere i saka.