Hopp til innhold

Fylkeslegen fekk rett i kranglesak

Det er sett punktum i kranglen mellom fylkeslege Per Stensland og pasientombod Lisa Førde Refsnes om behandlinga av ei dødssjuk kvinne.

Per Stensland

FÅR GJE RÅD: Sivilombodsmannen slår fast at fylkeslege Per Stensland var i sin fulle rett til å gje råd til Helse Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sivilombodsmannen har slege fast at fylkeslegen hadde all rett til å gje råd til Helse Førde sitt etiske råd om behandlinga kvinna fekk, og slår også fast at saksbehandlinga til fylkeslegen var heilt innanfor lovverket.

– Det er naturleg at vi er nøgde med å ha fått støtte for vår sakshandsaming derifrå. Vi er naturlegvis glade for at verken Statens helsetilsyn eller Sivilombodsmannen finn grunn til å kritisere oss for denne sakshandsaminga, seier fylkeslege Per Stensland til NRK.

Sa nei til pasient

Konflikten mellom pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes og fylkeslegen kom til overflata i september i fjor då NRK omtala saka.

Den svært sjuke kvinna og familien hennar ynskt å få livsforlengjande behandling. Men Helse Førde sitt etiske råd sa nei, etter at dei hadde rådført seg med fylkeslege Per Stensland.

Tek avgjerda til vitande

Dette fekk Refsnes til å reise bust. Ho gjekk ut og gav klar beskjed kva ho meinte om at fylkeslegen hadde gjeve sine råd til Helse Førde.

– Difor meiner vi at fylkeslegen si avdeling og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ikkje skal vere dei som i ettertid vurderer klagesaka når pasienten døyr, sa pasientombod Lisa Førde Refsnes til NRK.

Runar Finvåg

AKSEPTERER: Fungerande pasient- og brukarombod Runar vil ikkje kommentere avgjerda frå Sivilombodsmannen.

Foto: Roar Halten / NRK

Ho har for tida permisjon for å jobbe som tingrettsdommar, og ønskjer ikkje å kommentere avgjerda til Sivilombodsmannen. Fungerande pasientombod Runar Finvåg, seier til NRK at dei tek avgjerda til vitande.

Vil ha eit godt samarbeid

Fylkeslege Per Stensland vonar at avgjerda no vil gje grunnlag for eit betre samarbeid mellom Fylkesmannen og pasient- og brukarombodet i framtida.

– Naturlegvis er vi innstilt på at vi skal ha eit godt samarbeid med pasient- og brukarombodet i dette arbeidet. Eg trur det kan vere ryddig og nyttig at vi her har fått ei avklaring på kva for eit handlingsrom ein fylkeslege har i det å kunne gje råd, seier Stensland.