Medan regjerina seier at ambulansetilbodet skal styrkast, har Helse Førde vedteke å kutte i tilbodet. Styret har vedteke å kutte i døgnambulansen i Balestrand og Selje, og å redusere tilbodet i Aurland og Florø. Og det er også varsla reduksjonar i Dale og i Jølster.
Fylkeslege Petter Øgar
- Uforsvarleg
Styret har måtte tåle sterk kritikk for vedtaket - mellom anna frå Fylkeslegen. Han har heile tida meint at dette er uforsvarlege kutt. Det kunne ikkje Helse Førde heilt forstå, så dei bad om ei utdjuping av kritikken, og det har dei no fått. Men svaret frå Fylkeslegen er framleis at dette er uforsvarleg, så her må Helse Førde gjere noko.
Få lovnadar
Administrerande direktør i Helse Førde, Leif Kapstad, er fornøgd med utdjupinga han bad om. Han har vore reine klagemuren for den unisone kritikken etter at Helse Førde vedtok reduksjonar og kutt i ambulansetilbodet. Dei kommunane som er råka av kutta og nedskjeringane er no i dialog med Helse Førde for å drøfte kutta. Men førebels er det lite Kapstad kan love - berre håpe.
- Regjeringa skal legge fram ein plan for amublansetenesta, og eg trur vi må vente til den er klar, seier Kapstad. Regjeringa skal mellom anna vurdere tida ambulansepersonalet brukar på å nå ut til folket, og finne ut korleis dette skal finansierast.
Leif Kapstad ventar på meir peng frå Regjeringa.
- Tilbodet blir forsvarleg
Med eller utan ekstra pengar i kassen - Kapstad meiner uansett det skal bli eit forsvarleg ambulansetilbod i fylket.
- Eg trur vi gjennom dialog med partane skal kome fram til ei god løysing og at regjeringa vil løyve meir pengar. Då har vi råd til yte noko meir, legg han til.
Ei god nyheit er likevel at når du først får ambulansen på besøk, så er dei som kjem for å hjelpe deg best mogeleg kvalifiserte. Så får vi sjå om neste runde, der Helse Førde har invitert Petter Øgar på møte, kanskje kan få redusert tida du må vente på ambulansepersonellet.