Hopp til innhold

Fylkesrådmannen om statsbudsjettframlegget: – Vi får det enda tøffare enn vi hadde trudd

Fylkeskommunen får det verre, ikkje betre, med det blå statsbudsjettet. Det seier fylkesrådmannen.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

KJEM DÅRLEG UT: Fylkeskommunen får det krevjande med det blå statsbudsjettet, meiner fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Min konklusjon er at dette vert krevjande, og at vi kanskje kjem enda dårlegare ut enn som det ligg an til i forhold til kommuneproposisjonen som stortinget vedtok i juni. Det seier fylkesrådmann, Tore Eriksen.

Talknusarane hans har gått gjennom budsjettforslaget frå Høgre og Frp. Eriksen finn få lyspunkt.

Det største utslaget, ifølgje Eriksen, er at det er gjort justeringar i det nye inntektssystemet som gjer at ein får eit større langsiktig tap enn det som det låg an til i proposisjonen.

– Samstundes som nivået på den tapskompensasjonen som vi var tildelt er tatt ned. Summen av desse to, gjer at vi på 5 års sikt tapar nesten 20 millionar kroner, meiner Eriksen.

Fylkesordføraren har tidlegare sagt at ho ser ingen lyspunkt i framlegget til statsbudsjett. Høgre- og Frp-politikarar frå fylket meine ein må glede seg over det positive i budsjettet, og meiner det ikkje er grunn til svartmåling.

– Ingen lån er gratis

Fylkesrådmannen meiner budsjettforslaget gjer ting verre for fylkeskommunen.

– Men så ligg det ein del andre komponentar inne òg som verkar både pluss og minus.

– Det har vore sagt at fylkeskommunen får tilgang på «gratis» lån med ei rentekompensasjonsordning. Er det gratis?

– Ingen lån er gratis. Eriksen forklarar at kvar fylkeskommune får ei såkalla investeringsramme, der ein kan låne opptil eit visst talet på million kroner, og så betalar staten rentene ut ifrå den renta som husbanken definerer.

Renta som vert sett for 2015 og utover ligg under 2 prosent, og det er så lågt at kostnadane ved å låne pengar er veldig liten.

– Den store kostnaden, og den utgjer kanskje 70–75 prosent av det å låne, ligg i å betale tilbake avdraga. Og der får vi ingen draghjelp, seier han.

Feil medisin for fylket

– Etter mitt skjønn, så er ei ordning med rentekompensasjon litt feil medisin for Sogn og Fjordane fylkeskommune fordi vi har allereie ei altfor høg lånegjeld. Denne ordninga stimulerer til ytterlegare låning, og det kan ikkje eg tilrå at vi går inn på, seier Eriksen.

I utgangspunktet så hadde fylkeskommunen ei investeringsramme knytt til denne rentekompensasjonsordninga på 139 millionar.

– Den blir i statsbudsjettet sett ned til 116 millionar, sjølv om den nasjonale potten går opp frå to til tre milliardar, seier Eriksen og forklarar at det har samanheng med at fylkeskommunen sin del innanfor ordninga går ned frå om lag sju prosent til under fire prosent fordi fordelinga som vert gjort fylka i mellom vert endra.

Denne ordninga stimulerer til ytterlegare låning, og det kan ikkje eg tilrå at vi går inn på.

Tore Eriksen, fylkesrådmann

Han meiner fylkeskommunen si moglegheit innanfor rentekompensasjonsordninga difor har gått kraftig ned, men likevel ikkje så langt ned at den får konsekvensar for nokon av dei prosjekta som er definert inn i fylkeskommunen sin økonomiplan.

Får betre tunneltryggleik

Det vert peika på frå Høgre og Frp si side at ein får 65 millionar kroner til tunnelsikring. Eriksen meiner det er positivt.

– Vi får i alle fall 65 millionar kroner kvart år i fem år for å møte forskriftskrava i 51 tunnelar i vårt fylke. Men om vi skal tilpasse oss denne forskrifta, så må vi utbetre desse tunnelane for vel 600 millionar kroner. Så sjølv om vi får draghjelp på 325 millionar her, betyr ikkje det fullfinansiering, men det vil hjelpe oss godt på veg.

Eriksen seier at dette kan tenkast å vere ein underfinansiert reform der staten pålegg dei eit tiltak som dei ikkje får nok pengar til å gjennomføre.

– Men isolert sett så vil det sjølvsagt vere positivt at tunneltryggleiken i fylket vil betre seg.

– Må auke våre løyvingar

Staten har auke si løyving til fleire kulturinstitusjonar i fylket. Ut ifrå dokument Eriksen har sett så langt meiner han at den måten staten handterer kulturinstitusjonane på versus kommunal- og fylkeskommunal deltaking er den same som før.

– Når operaen eller knutepunktfestivalen eller musea får auka statlege midlar, så vert det berre gitt dersom lokale og regionale myndigheiter stiller opp i forhold til dei fordelingsnøklane som er gitt. Det betyr at vi må vere med å auke våre løyvingar for å kunne ta i mot nokon av påplussingane som er blitt nemnt i statsbudsjettet, forklarar han.

Større utfordringar enn venta

Når det gjeld fornying og opprusting av fylkesvegane, er det nasjonalt sett av 70 millionar kroner meir enn det fylkeskommunen las ut ifrå kommuneproposisjonen i juni. Av dei 70 millionane så får Sogn og Fjordane fem millionar, noko Eriksen seier dei ser positivt på isolert sett.

– Men når vi summerer alt dette, så får vi sikrare tunnelar, men dei økonomiske utfordringane som fylkeskommunen får i forhold til det å balansere eige budsjett vil nok bli større enn det som det låg til rette for i mai og juni. Vi får det nok enda tøffare enn det vi hadde trudd, trur Eriksen.