Hopp til innhold

Furebotn held fram i i Eliteserien

Henrik Furebotn (26) bestemte seg laurdag for kva klubb han skal spele for i år. I dag skreiv han under for Sandnes Ulf.

Henrik Furebotn

NY KLUBB: Henrik Furebotn held fram i eliteserien, men då som Sandnes Ulf-spelar.

Foto: Morten Wiik Larsen / Sandnes Ulf

Ifølgje Sogn Avis har årdølen signert ein toårskontrakt med rogalandsklubben.

– Eg er glad for at det endeleg har ordna seg, seier Furebotn til avisa.

Har ambisjonar

Den 26 år gamle publikumsfavoritten på Fosshaugane varsla tidleg i fjor at han ville skifte beite etter sesongen. Laurdag ettermiddag bestemte Furebotn seg endeleg for å halde fram fotballkarrieren i Sandnes.

Sandnes Ulf måtte førre sesong gjennom kvalifiseringsspel for å berge eliteseriekontrakten.

– Trenaren (Asle Andersen, red. anm.) har gjeve signal om at dei ikkje skal slite til neste år. Dei satsar her nede, har fornya kontrakten med viktige spelarar frå i fjor og vil hente inn nye spelarar. Det var ein av grunnane til at eg valde Sandnes, seier Furebotn til NRK.no.

– Best inntrykk

Furebotn kom til Sogndal under 2006-sesongen og har sidan fått 173 seriekampar. Etter at det vart klart han ynskte seg utfordringar utanfor Sogndal, har han takka nei til både ein svensk og dansk klubb.

Det har også vore interesse frå eit par norske klubbar.

– Det kom aldri så langt at det kom fleire konkrete tilbod enn frå dei eg takka nei til. Sandnes var mest interessant og det var dei eg fekk best inntrykk av, seier han til NRK.no.

– Letta og nøgd

Frå tilbodet frå rogalandsklubben låg på bordet, trengde Furebotn berre to-tre dagar på å bestemme seg.

– Eg måtte diskutere med familien og kjærast. Så fann eg ut at dette hadde eg lyst til og at dette har eg tru på. Det tok ikkje så lang tid. Laurdag ettermiddag bestemte eg meg endeleg, seier han og seier seg både letta og nøgd med valet av ny klubb.

– Det blir litt slik når du har vore ein plass i sju år, så er det rart med det same. Men det var dette eg ville, dette som er spennande. Eg gler meg, held han fram.

Gler seg til Sogndal-retur

– Eg hadde på meg treningstrøya for første gang i dag. Det var litt rart med det same, men eg skal no bli godt vand med det også, seier han og siktar til den lyseblå fargen framfor Sogndal sine svartkvite trøye.

– Korleis blir det å komme tilbake til Fosshaugane som Sandnes Ulf-spelar?

– Det var noko av det første eg var inne og såg på, når Sandnes Ulf møter Sogndal. Bortekampen er ikkje før 27. oktober, men eg gler meg til det. Det blir artig å spele mot gamle lagkameratar og kompisar.

– Rutine og erfaring

– Og på den tid er du allereie blitt halvt rogalending?

– Nei, eg fekk beskjed av mor og far min at eg ikkje måtte leggje om på dialekten. Så den får eg prøve å halde på, ler Furebotn.

Dagleg leiar i Sandnes Ulf, Tom Rune Espedal, seier til Sandnes Ulf sine nettsider at dei i årdølen har funne ein rutinert midtbanespelar dei trur vil passe inn i klubben.

– Vi leitte etter ein spelar med rutine og erfaring, som har spelt Tippeliga-fotball og det har Henrik. Han kjem frå ein tilsvarande klubb med omsyn til storleik og ikkje minst eit lag som har sterkt fokus på kollektiv prestasjon, seier Espedal.