NRK Meny
Normal

Full utrykking til alvorleg valdstilfelle

Ein mann er arrestert etter at han skal ha slått ei kvinne slik at ho hamna på legevakta.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk i dag tidleg melding om ein alvorleg valdsepisode i Jølster, og rykte straks ut til staden.

– Det er snakk om vald i nære relasjonar. Vi har arrestert ein mann, opplyser Vest politidistrikt til NRK.

Mannen og kvinna er begge i 30-åra. Helsepersonell kom raskt til staden, og tok hand om kvinna. Ho er frakta til legevakt og overgrepsmottak i Førde.