Hopp til innhold

No går endeleg ferja att på Anda-Lote

Ferja som går mellom Anda og Lote på E39 har vore ute av drift sidan i natt, men no er ei reserveferje frå Måløy på plass og i rute.

Ferja Sognefjord

REDNINGA: MF Sognefjord skal vera på veg frå Måløy til Anda-Lote-sambandet og går alt som det skal kan ferja vera i drift att rundt klokka 17 måndag ettermiddag.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Vi har fått ned ferja MF Sognefjord ifrå Måløy, og den er no i rute og går som normalt, seier Sigrun Hellebust på Fjord1 sin vakttelefon.

MF Sognefjord har slite med tekniske problem tidlegare, men Fjord1 ser no ut til å ha funne ei løysing.

Krev betring

Det er endå ikkje kjent kor tid ferja som eigentleg går på sambandet, MF Årdal, vil vere klar til drift igjen. Tidlegare måndag sa regionleiar i Fjord1 Tor Kristoffersen dette til NRK:

– Det er veldig usikkert kor lenge sambandet blir stengd. Vi har bytta denne komponenten på denne motoren nokre gonger, så har den fungert ei stund, men så dukkar feilen opp igjen.

Vår reporter på staden melde om lange køar på ferjekaien på Lote i dag tidleg og reisande han snakka med var både skuffa og forbanna over ferjestansen.

Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, vil ha samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) på bana.

– Det er staten og dermed samferdselsministeren som har ansvaret for ferjene på riksvegane våre. Og ferjene på riksvegane våre skal gå når dei skal. Punktum, seier Rotevatn, som håper regjeringa vil legge trykk på den som driftar strekninga og sikrar stabil drift.

MF Årdal. Anda-Lote

MF ÅRDAL: Dette synet møter ferjepassasjerane på ferjesambandet Anda-Lote måndag morgon. Ferja ligg ved kai på Lote.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Kritisk ordførar

– Snart er det sånn at ein ikkje treng å stille vekkarklokka, ein kan berre bestille meldingstenester frå Fjord 1 på strekninga Anda-Lote. Det er uakseptabelt. Denne ferja er ikkje god nok og det må gjerast noko med, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Torleif Slettedal er ein av dei som skulle over med ferja. Klokka seks i dag tidleg køyrde han får Aalesund for å nå fram til kundar han skulle treffe på blant anna Sandane.

– Det er heilt utruleg, med den teknologien dei har i dag at ein ikkje får sett opp eit skilt som informerer om dette i til dømes Volda så vi kunne nytta omkøyringsvegar, seier han.

Reserveferje i trøbbel

Ferja som går strekninga Anda-Lote var også innstilt fredag med same feil.

– Det er for så vidt eit problem vi har hatt fleire gangar. Det er ein motor som får eit stoppsignal og stoppar. Vi veit ikkje kvifor. Vi jobbar med det og er i kontakt med leverandøren av motoren som prøver å hjelpe oss. Dei skulle kome attende til oss, så nett no ventar vi litt i spenning, seier Kristoffersen.

Vanlegvis ville dei kunne sett inn ei reserveferje, men også den har tekniske problem.

– Det som er utfordrande for oss nett no er at om vi ikkje finn ut av denne feilen ganske fort, så er også reserveferja vår opptatt. Den ligg i Måløy med tekniske problem, så vi har lite reservefartøy. Vi må få områ oss litt, seier han.

Kø på Lote. Ferja Anda-Lote innstilt.

KØAR: Fleire hadde ikkje fått med seg at ferja er innstilt måndag morgon og køane hopa seg opp.

Foto: Harald Kolseth / NRK