Hopp til innhold

Fryktar storkapitalen tek over

Lokale oppdrettarar fryktar storkapitalen tek over næringa. Alt no eig verdas største oppdrettsselskap over 40 prosent av konsesjonane i Sogn og Fjordane.

Øyvind Kråkås

OPPDRETT: Øyvind Kråkås i Salmon Group fryktar følgjene om store aktørar får fleire oppdrettskonsesjonar.

Foto: Salmon Group

Store selskap som Marine Harvest jaktar på fleire oppdrettskonsesjonar, og vil også at staten skal bli meir rundhanda med store oppdrettarar.

Øyvind Kråkås i Salmon Group fryktar følgjene.

– Det er all mogleg grunn til å frykte. For det første går utviklinga mot færre aktørar, og for det andre har vi sett ein intensivert strategi frå Marine Harvest siste åra på at dei ynskjer å ha færre aktørar i næringa, seier han.

Vil ikkje ha naboar

Det er ei samanslutning av små oppdrettarar Kråkås representerer. No fryktar dei at det kan bli slutt på tida der folk frå fylket eig og driv oppdrettsanlegg langs kysten, dersom dei store oppdrettsselskapa får det som dei vil.

Marine Harvest eig allereie 40 prosent av oppdrettskonsesjonane i Sogn og Fjordane.

Nyleg sa selskapet at dei vil ha meir, og meinte styresmaktene har diskriminert store selskap gjennom å berre dele ut konsesjonar til små og mellomstore oppdrettarar.

– Det vi reagerer på er at Marine Harvest vel ein så aggressiv strategi for å sikre eigen vekst. At dei rett og slett ikkje ser plass til å ha naboar i næringa, seier Kråkås.

Legg att verdiar

Johannes Idsø

LEKTOR: Johannes Idsø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Nyleg offentleggjorde Høgskulen i Sogn og Fjordane ei verdiskapingsanalyse for oppdrettsnæringa som viser at næringa her i fylket skapar verdiar for opp mot 1,5 milliard kroner årleg og sysselset over 700 menneske.

Fyrstelektor ved høgskulen, Johannes Idsø, sa då at børsnoterte Marine Harvest også bidreg til å skape verdiar.

– Du har ein del personar i Sogn og Fjordane som også eig aksjar i Marine Harvest. Vi har fått oppgjeve at dei har gjort lokale innkjøp for meir enn 200 millionar kroner i fylket i 2012. I tillegg har dei ein god del lokalt tilsette både i Måløy og andre stadar i fylket, sa han.

Vil ikkje debattere

Kråkås seier det er positivt med ein kombinasjon av små og store selskap. Men meiner utviklinga trugar dei mindre oppdrettarane. Kråkås meiner også at lokalsamfunn og næringa står seg på størst mogleg lokal eigarskap.

– Dei nyttar seg av lokale tenester, dei byggjer på næringsaktivitet lokalt og medverkar i sine lokalsamfunn både som ressurspersonar og kapitaleigarar, seier han.

Marine Harvest som er den suverent største aktøren i ei svært viktig næring for fylket seier til NRK at dei ikkje vil bruke meir tid på denne debatten no, og avstår frå å kommentere saka.

– Overdimensjonert problem

Men under ein konferanse i Bergen denne månaden sa styremedlem, og storeigar John Fredriksen sin nærmaste medarbeidar Tor Olav Trøim, at det må bli slutt på dagens ordning der små oppdrettarar får delt ut konsesjonane frå staten.

Konsesjonar har blitt selt vidare med enorm gevinst. Fire av 64 løyver som blei delt ut i 2009 vart vidareseld til Marine Harvest. Det meiner selskapet er å dele ut uforståelege lottovinstar.

Kråkås meiner tala er beskjedne og at selskapet overdimensjonerer problemet.

– Det som er viktig er at også lokalåtte selskap også får ta del i veksten. Dersom fokus berre skal vere på omsetnadsverdien av konsesjonane frå stat til aktørane, så vil neppe lokale eigarar kunne konkurrere på det beløpet. Det vi derimot konkurrerer godt på er dei pengane vi betalar tilbake til lokalsamfunna når vi driv oppdrett med desse konsesjonane, seier han.