Hopp til innhold

Fryktar signalbygg skal drukne blant handelshus

NORDFJORDEID (NRK): Arkitektprofessor Arild Wåge står bak signalbygget Sagastad på Nordfjordeid. No blir Biltema og store leilegheitsbygg nærmaste naboar.

Biltemabygget på Nordfjordeid

BILTEMA: Biltema planlegg eit fullskala varehus på Nordfjordeid. Bygginga kan starte alt i august.

Foto: Illustrasjon / Sporstøl AS

– Det har vore litt vanskeleg å innfinne seg med dette. For no er presset for mykje i området.

Arild Wåge

KRITISK: Arild Wåge er professor ved Bergen Arkitekthøgskule og arkitekt for Nordplan.

Foto: Nordplan

Arkitektprofessor Arild Wåge og arkitekt Siri Lund i Nordplan har teikna Sagastadbygget på Nordfjordeid. No fryktar Wåge at det planlagde signalbygget skal "drukne" i digre varehus og leilegheitskompleks i nabolaget.

– Det er blitt lite att av den fine og frie situasjonen som Sagastadbygget var tiltenkt. Bygget var det fyrste som var planlagd i området, då såg det ut som det ville stå fritt og fint, noko som var svært viktig for å få det signalbygget som det er meininga det skal bli. Men det har eigentleg kokt vekk i kålen, seier Wåge.

Ordføraren er usamd

Alfred Bjørlo

NØGD: Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) meiner det er bra med fortettinga på Nordøyrane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

​Men ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), meiner ikkje utbyggarane har fått for stort spelerom. Eid kommune har laga badestrand og park i området.

– Når dette står ferdig om to-tre år blir det veldig bra. Vi konsentrerer no handel, bustad og friområde i eit samla sentrum.

Bjørlo meiner det er smart at kjøpesentera bygger ut i sentrum:

– Vi unngår byspreiinga som vi ser mange andre stadar. Noko med å vere i eit sentrum er at ting ligg tett, og i eit vekstsentrum som Nordfjordeid vil ting ligge tett også i framtida.

Kvar er dette

I DAG: Utbyggingsområdet på Nordøyrane på Nordfjordeid. På tomta mellom Amfi Nordfjord og Sagaparken i framgrunnen kjem det Biltema, Sagastad og fleire leilegheiter.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Området blir ei perle i Nordfjord

Andre Sunde i Dvergsdal og Sunde AS står bak Sagaparken Panorama, det suverent høgaste bygget i Nordfjordeid. No planlegg firmaet to nye byggesteg, det siste vil kome svært nær Sagastad.

– Det er ulike meiningar om slikt. Når vi laga planane for området vart ting godt tilpassa.

Sunde er imponert over utviklinga i området:

– Når alt står ferdig blir dette ei perle i Nordfjord.

Sagaparken Panorama på Nordfjordeid

ILLUSTRASJON: Slik vil byggesteg 2 av Sagaparken Panorama sjå ut. I tillegg er det planar for eit byggesteg 3 på tomta ved sidan av. Byggesteg 2 og 3 vil henge saman i eit bygg og byggesteg 3 skal vere noko lågare, opplyser Dvergsdal og Sunde.

Foto: Illustrasjon / Dvergsdal & Sunde

– Passar godt saman

Heller ikkje Kjell Storeide i Moengården Vest som skal bygge ut for Biltema meiner varehusa er til sjenanse for Sagastad. Storeide seier dei har nytta arkitekt for å tilpasse bygget nabolaget.

– Kva som er for tett er eit relativt omgrep. Dette er innanfor reguleringsplanen som vart laga for fleire år sidan. Vi bør heller sjå at desse to aktivitetane saman, eit auka handelstilbod og eit auka opplevingstilbod styrkar kvarandre.

– For høge og dominerande

Arild Waage har sett teikningane av Biltema på Nordfjordeid og seier det er gjort grep som vil dempe bygget. Men summen av både Biltema og leilegheiter vil bli visuelt krevjande meiner arkitekten.

– Slik det no ser ut er dei nærmaste bygningane for høge og for dominerande mot Sagastad. No må vi kanskje leve med det, men det har i alle fall blitt ein annan situasjon enn då vi starte med teikningane, meiner Waage.

Illustrasjon av Sagastad

SAGASTAD: Visningsenteret Sagastad skal innehalde kopi av Myklebustskipet, det største vikingskipet det er funne restar av i Noreg.

Foto: Illustrasjon / Nordplan