Hopp til innhold

Personstrid i fylkes-Frp – fryktar for valet til hausten

Det er full splid mellom dei to toppkandidatane på Framstegspartiet si valliste til fylkestingsvalet til hausten etter bråk om påstått rekneskapsrot.

Djuvik og Marita Aarvik

STOR USEMJE: Bråk om rekneskapsrot har også grunnlag i klar usemje mellom dei to toppkandidatane til Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik og Marita Aarvik.

Foto: arkiv / NRK

Dei siste dagane har splittinga mellom 1.-kandidat Frank Willy Djuvik frå Florø og 2.-kandidat Marita Aarvik frå Selje kome enda nærare overflata. Dei to kjempa begge hardt om topplassen på fylkestingslista, ein kamp Aarvik tapte med knapp margin.

Via Dagbladet har det blitt avslørt at ein revisjonsrapport har peika på rotete rekneskapsrutinar i Sogn og Fjordane Frp, ein rapport som berre var kjend for sentrale personar i fylkespartiet.

Kven som har lekka rapporten vidare til media er det ingen som vil snakke ope om, men både Djuvik og Aarvik avviser at rapporten kom ut.

– Svekkjer tilliten

Aarvik vil ikkje uttale seg til NRK, medan Djuvik er klar på at han meiner det er synd dersom det er slik at intern maktkamp i partiet gjev seg slike utslag.

– Dette skadar partiet og tillitsvalde sin tillit heilt ugrunna, ut frå at revisoren faktisk har slått fast at vi har følgd norsk lov og bokføringsskikk. Når ein får slike saker, så svekkjer det tilliten til partiet og enkeltpersonar. Vi må jo berre å jobbe for å få fram det rette bildet, ikkje slik Dagbladet har prøvd å framstille det, seier Djuvik.

Han fryktar at striden kan få følgjer for valresultatet.

Burde ha fått sentral hjelp før

– Men er det ikkje noko du angrar på når det gjeld rekneskapsføringa i partiet?

– Eg ser heilt klart at det til trass for at fylkesstyret valde å ha eit økonomireglement som vi gjorde, så burde vi på eit tidlegare tidspunkt ha kopla inn hovudorganisasjonen for å sørge for at dei også var i samsvar til våre sentrale retningsliner. Ikkje berre at vi følte at vi hadde kontroll på det, seier Djuvik.

Frp sin revisor i Sogn og Fjordane, Leif Kilnes, frå verksemda Deloitte skriv i sin rapport til fylkesstyret at leiinga i partiet har oppfylt plikta si til å sørge for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lova.

– Slakta ikkje rekneskapen

Djuvik støttar seg på den rapporten når han seier at det ikkje er grunnlag for å hevde at det kan ha vore lovbrot i samband med rekneskapsføringa til partiet.

– Eg har sjølv snakka med revisoren som stiller seg heilt uforståande til at han skulle ha slakta rekneskapen til Sogn og Fjordane framstegsparti. Han held fram at han har levert ein nøktern rapport, der han opplyser om det han har plikt etter lova til å opplyse om.