Først og fremst kostar ambulanse og luftambulanse. I tillegg kostar det å halde på personell i Sogn og Fjordane. Det er mange ledige stillingar, og det kostar å ha vikarar.
Fryktar kutt på 25 millionar
I går vart det nye inntektssystemet diskutert på styremøtet i Helse Førde. Blir det nye inntektssystemet innført kan Helse Førde bli nøydd til å leggje ned tilbod.
Helse Førde fryktar dei må kutte kring 25 millionar dersom det nye inntektssystemet vert innført. Og det kjem på toppen av eit venta underskot på 35 millionar.