Svarstad seier han alt har teke opp spørsmålet med olje- og energiministeren.
- Viss Nordland, Troms og Finnmark får lav arbeidsgjevaravgift, og vi må betale full i Svelgen, er det ein 3-4 prosent forskjell. Og det vil slå uheldig ut, seier han.
Avklaring i løpet av månaden
Ei arbeidsgruppe i Elkem jobbar med den framtidige organiseringa av økonomiavdelinga i konsernet. Eit alternativ er å legge ned avdelinga i Svelgen og samle alt i Mosjøen. I så fall kan 15 arbeidsplassar i Svelgen ryke.
Divisjonssjef i Elkem, Gry Bråten, stadfester at dette er ei sak som det blir jobba med. Ho seier det ikkje er teke no avgjerd enno, men at ho reknar med at det kjem ei avklaring mot slutten av månaden.