Hopp til innhold

Fryktar liv kan gå tapt på grunn av lang veg til sjukehuset

VOLDA (NRK): Sjukehusaksjonistane i Nordfjord fryktar for liv og helse dersom akutt sjuke pasientar ikkje får kome til Volda sjukehus.

Torild Sørland

ENGASJERT: Torild Sørland i Sjukehusaksjonen i Nordfjord (i midten) gav under møtet i Volda klar beskjed om at akutt sjuke pasientar må få kome seg til Volda sjukehus. Førde er for langt, sa ho.

Foto: Bård Siem / NRK

Stemninga var til å ta og føle på i møterommet på Volda sjukehus i går kveld då Torild Sørland, medlem i sjukehusaksjonen i Nordfjord, fortalde forsamlinga om nordfjordingen som redda livet etter at han vart frakta til Volda sjukehus.

– Ambulansetenesta trossa Helse Førde, snudde og køyrde til Volda og redda pasienten, sa ho.

Den akutt sjuke pasienten skulle eigenleg sendast den lange reisa til Førde. Men avgjerda vart overprøvd og pasienten kom seg raskt til behandling ved sjukehus i Volda, fortalde Sørland.

Jørund Knardal

SJUKEHUS: F.v. Jørund Knardal i Sjukehusaksjonen i Volda, Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe deltok under møtet i Volda i går kveld. Knardal sa han ønskjer seg eit tettare samarbeid med Nordfjord sjukehus.

Foto: Bård Siem / NRK

Smekkfullt

Møterommet var smekkfullt då Kjersti Toppe (Sp), nestleiar i hels- og omsorgskomiteen på Stortinget, kom inn dørene. Ho hadde med seg sluggeren Per Olaf Lundteigen. Dei kom for å lytte på kva nordfjordingane og møringane hadde på hjartet i høve sjukehustilbodet i regionen.

Kjersti Toppe reagerte på historia om at den akutt sjuke nordfjordingen.

– Det skal ikkje vere slik at avgjerder må overprøvast for å få kome seg til det sjukehuset ein skal. Når ein er akutt sjuk, skal ein til næraste akuttsjukehus. Det

Det hjelp ikkje å døy på veg til sjukehuset.

Jørund Knardal

– Skal ikkje vere usemje

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, ønskjer ikkje å kommentere den konkrete hendinga. Men på generelt grunnlag seier han mellom anna følgjande:

– Innan vårt system i Helse Vest har vi retningsliner for dei mest alvorlege tilstandane. Dette er veldig viktig for å unngå at det oppstår uvisse og diskusjon om kva som skal skje med akutt sjuke pasientar. Retningslinene har fungert godt i mange år, seier han.

– Men kven har det siste ordet? Legen på staden i Nordfjord som vil sende pasienten til Volda eller legane ved AMK i Førde?

– Dersom legane i primærhelsetenesta og legane på sjukehuset er samde om korleis pasientflyten skal vere, skal ikkje slike diskusjonar oppstå. Vi har retningsliner for slikt.

– Men kva synest du i om denne saka som Sørland viser til?

Eg vil ikkje kommentere den konkrete saka, seier han.

Hans Johan Breidablik

SKAL VERE SEMJE: Det skal ikkje vere usemje mellom primærlegen på staden og legane på AMK-sentralen om kvar den akutt sjuke pasienten skal sendast, seier Hans Johan Breidablik, fagdirektør i Helse Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Honndølene vil til Volda

Varaordførar i Hornindal, Idar Nygård frå Venstre, sa rett ut at honndølene har Volda sjukehus som førsteprioritet.

– Nordfjord sjukehus kan ikkje lenger gje oss eit fullverdig sjukehustilbod. Sidan det er mykje lengre til Førde enn til Volda, seier det seg sjølv at vi vel Volda, sa han.

Nygård uttrykte vidare at han er redd for at både Nordfjord sjukehus og Volda sjukehus står i fare for å bli nedlagt.

Vi må difor samle oss om eit sjukehus og det må bli Volda, sa han.

Idar Nygård

VEL VOLDA: For oss er valet enkelt. Vi vel sjukehuset i Volda, sa Idar Nygård (V) varaordførar i Hornindal.

Foto: Bård Siem / NRK

Over og ut for Helse Førde?

Nestleiar for sjukehusaksjonen i Volda, Jørund Knardal, meinte ein om nødvendig må ofre heile Helse Førde dersom pasientane sjølve vel vekk tilbodet derifrå.

– Pasientane sine val må kome før omsynet til Helse Førde. Det hjelp ikkje å ha eit sjukehus i området dersom ein døyr på veg dit. Vi må ha eit sjukehuset som ligg nær nok, sa han.

Knardal påpeika vidare at han ser føre seg eit tettare samarbeid mellom sjukehusa i Volda og på Nordfjordeid. Også Sørland ønskjer seg eit tettare samarbeid mellom dei to sjukehusa.