Hopp til innhold

Fryktar innbyggjarane i Solund ikkje får forsvarleg helsehjelp

Vakthavande lege i Solund svarte ikkje på raud alarm frå AMK. Fylkeslegen krev svar frå kommunen.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

KRITIKK: – Det er kommunane som har ansvar for dette, i samarbeid med legane, seier fylkeslege Per Stensland. Han forventar at Solund kjem med planar for å sikre innbyggjarane

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dersom AMK ikkje kan stole på at doktorane er tilgjengelege, så driv ein med auka risiko for svikt, seier fylkeslege Per Stensland.

Han og kollegaene har fått rapportar frå Helse Førde om at vakthavande lege i Solund ikkje har svart på raud respons frå AMK. Dette har skjedd både under testar for å sjekke at systema og rutinane fungerer, men også ein gong når ein pasient trong hjelp. Etter det Stensland veit, så fekk det ikkje konsekvensar for pasienten, men fylkeslegen er like fullt uroa.

– Det treng ikkje å ha fått konsekvensar denne gongen, men kva med neste gong? Eit kvart problem med å få tak i vakthavande lege i ei ordning som skal fungere 24 timar i døgnet, er eit problem, seier han.

Meiner hjelpa er god

Solund kommune må no legge fram ein plan for korleis dei vil sikre innbyggjarane tilgang til akutt hjelp. Ifølgje rådmann i Solund, Erik Askeland, så ligg den konkrete hendinga Fylkesmannen har reagert på noko tilbake i tid.

– Vi føler at innbyggjarane får forsvarleg helsehjelp. Vi beklagar det som skjedde, og skal sørge for at det ikkje skjer igjen, seier Askeland.

Fylkesmannen har gjeve kommunen frist til 15. mars med å kome med svar på korleis helsehjelpa fungerer.

– Vi har dialog med legane våre og fylkesmannen, og skal halde fram med det, seier Askeland som lovar å ha rutinane oversendt innan fristen.

Hardbakke i Solund

HELSEHJELP: Fylkeslegen vil forsikre seg om at innbyggjarane som bur på Hardbakke og i resten av Solund får den hjelpa dei har krav på.

Foto: Magne Hamre

Kommunane har blitt flinkare

I 2014 kom det fram at rutinane på området var dårlege. På to månadar let vakthavande lege vere å svare på 34 alarmar frå AMK. Dette førte til eit større tilsyn i 2015, og rapportane som Fylkesmannen får frå Helse Førde i dag er ei vidare oppfølging av dette. Og merksemda kring problemet ser ut til å ha ført til forbetring. No er også naudnettet teke i bruk i heile landet.

– Vi såg at tilgjengelegheit til alle døgnets tider var eit problem. I dei fleste kommunane har det blitt annleis og ei betring på området. Det er viktig at kommunar og kommuneoverlegar merkar seg at vi følgjer opp dette, seier Stensland.