Hopp til innhold

Pasientar blei brått sjuke - vakthavande lege svara ikkje då AMK trengde akutthjelp

Heile 34 gonger på berre éin månad svara ikkje vakthavande lege då det vart slege alarm frå AMK. Dette er urovekkjande, meiner fylkeslege Per Stensland.

Per Stensland Helge Ulvestad

KRITISK: Fylkeslege Per Stensland meiner at det ikkje er haldbart at det har vore fleire tilfelle der vakthavande legar ikkje svarar når AMK vil ha akutt kontakt. Dagleg leiar for legevakta i Sunnfjord og Ytre Sogn, Helge Ulvestad, seier at dei no skjerpar inn rutinane for å sikre at legane svarar på akutte oppkall frå AMK.

Foto: arkiv / NRK

– Dette er ein situasjon som er urovekkjande, og vi bestemte då at vi vil kartleggje bruken av helseradio i kommunane. Vi er i ferd med å førebu ei slik kartlegging, men no har altså Helse Førde konkretisert omfanget av problemet slik dei ser det, seier Stensland.

NRK har fått innsyn i Helse Førde sin oversikt over det fylkeslegen meiner er urovekkjande mange rutinefeil. I mars og i starten av april månad var det ei rekkje reelle alarmar der det var behov for vaktlege, men legen svara aldri på AMK sine oppkall på den såkalla helseradioen.

– Det er klart for mange og nettopp difor ønskjer vi å gå inn og sjå på dette. Vi vil tydeleggjere omfanget av dette og sjå til at det blir etablert nye og betre rutinar på dette området. Vi kan ikkje berre stille krav til korleis AMK skal fungere, ein må også stille krav til korleis legevakta skal respondere på dei akutte oppkallingane legevakta får, seier Per Stensland til NRK.

Svara ikkje på akutte oppkall

Av dei 34 tilfella der legen ikkje svara var 10 høgst reelle hendingar, dei 24 andre var testar av systemet, som skal fungere 100 prosent 24 timar i døgnet.

Frå loggen NRK har fått tilgang til kan vi mellom anna lese følgande:

  • 7. mars kl. 2339. Lege ambulansealarm i Førde. Pasient med krampeanfall, er vaken men har smerter i rygg. Lege svarar ikkje på helseradio. Blir ringt til på telefon.
  • 14. mars kl. 0323. Lege ambulansealarm i Gaular og Førde. Pasient med brystsmerter. Lege svarar ikkje på helseradio, blir kontakta på telefon. Rykkjer ikkje ut.
  • 5. april kl. 0949. Lege ambulansealarm i Sogndal. Pasient falt om i heimen, svara ikkje på tiltale. Lege svara ikkje på helseradio. Ringde lege på telefon kl. 0951 og fekk beskjed om at helseradio var tom for straum.

I fastlegeforskrifta står det tydeleg at vaktlegane pliktar å vere tilgjengeleg på radiosambandet til AMK, anten det er helseradio som blir brukt her i fylket i dag, og det nye digitale naudnettet som kjem.

Legg seg flat for kritikken

Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt (SYS ikl) hadde fire tilfelle i mars og starten av april, der legen ikkje var tilgjengeleg umiddelbart då alarmen gjekk. Dagleg leiar Helge Ulvestad legg seg flat for kritikken då han blir kontakt av NRK.

– Vi tenkjer at det er uheldig. Legevaktlegen skal vere tilgjengeleg umiddelbart for ikkje å tape tid når det blir varsla ein akuttsituasjon, seier Ulvestad.

Han peikar på at det er ei utfordring at legevakta med base på sentralsjukehuset har mellom 30 og 40 ulike legar som er inne og tek vakter.

– Vi har skjerpa inn rutinane for legane. Vi har ein eigen rutine for varsling til vakt via legevakttelefonen, og legen skal melde seg med namn og nummer når han eller ho går på vakt. Elles så skal radiotelefonen vere på «lytt» slik at legen er med den første runden når varsling kjem, seier Ulvestad.

Har skjerpa rutinane

Han peikar på at dei alt har skjerpa inn rutinane for legevaktlegane, og at dette er noko dei tek på alvor.

– Vi har sendt melding til alle legar om at dette er skjerpa inn. Det at det er såpass mange legar kan gjere det til ei utfordring å formidla ut ei slik innskjerping av rutinar. Det er ei sak som vi må jobbe med, slår Helge Ulvestad fast.

Klart kommunalt ansvar

Fylkeslege Per Stensland er klinkande klar på at ansvaret for dette ligg ute i kommunane og hos kvar einskild lege som tek legevakter. Dei skal svare umiddelbart når AMK slår alarm på radionettet.

– Hovudsaka er at det finst gode rutinar for bruk, og dei rutinane må vi sjå til at fungerer no, også når vi får naudnettet. Det er kommunane sitt ansvar å sjå til at legevakta fungerer og at dei som er på vakt brukar helseradio slik det er forventa i forskrift, påpeikar fylkeslegen.