Hopp til innhold

Fryktar hybelbuar-rapport blir argument for skulenedlegging

Leiar i Senterungdommen, Erlend Herstad, fryktar ein ny rapport om hybelbuarar kan bli brukt som eit argument for å leggje ned vidaregåande skular.

Erlend Herstad

IMOT SKULENEDLEGGING: Leiar i Senterungdommen, Erlend Herstad, håpar ikkje Førde kommune sin rapport om hybelbuarar vil bli brukt som ei brikke i skuledebatten.

Foto: Privat

Ein ny rapport laga av Førde kommune viser at elevar som bur på hybel ikkje har reduserte prestasjonar på skulen, og heller ikkje meir fråvær eller meir problem enn elevar som bur heime. Det skriv Firda. Undersøkinga er gjort for dei tre vidaregåande skulane i Førde kommune; Hafstad, Øyrane og Mo og Jølster.

Rapporten kjem i ei tid der skuledebatten går varmt, og fleire vidaregåande skular fryktar for nedlegging.

– Legitimerer endring

Leiar i Senterungdommen, Erlend Herstad, fryktar at rapporten om hybelbuarane vil bli brukt som eit argument for nedlegging.

– Eg føler at ein med denne rapporten legitimerer at det går fint å endre av skulestrukturen i Sogn og Fjordane, og eg meiner at det skal ein vere litt forsiktig med å hevde, seier han.

Han meiner ein endra skulestruktur vil føre til ei anna gruppe med hybelbuarar enn det vi har i dag.

– I dag har dei fleste hybelbuarar komme inn på første valet og ønskjer å bu på hybel. Grunnlaget for at eg seier det er ein artikkel frå Fylkeskommunen der det stod at over 90 prosent av elevane i fylket hadde fått oppfylt førstevalet sitt, seier Herstad.

– Hybelbuarar ikkje verstingar

Den ferske rapporten om hybelbuarar avlivar myten om at hybelbuarar gjer det dårlegare på skulen enn heimebuande elevar.

– Hybelbuarane er betre enn sitt rykte. Vi har funne ut at det er ingen samanheng mellom skuleresultat, skulking om du er hybelbuar eller ikkje. Helsestasjonane seier også at ikkje er nokon samanheng mellom hybelbuarar og vanskar. Det same seier politiet. Det er ikkje slik at det er verre, at det er meir bråk og meir rus blant hybelbuarar enn dei andre, sa kommunalsjef i Førde kommune, Trond Ueland, til NRK tidlegare onsdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dale vidaregåande skule

I FARE: Dale er ein av dei vidaregåande skulane i fylket som fryktar nedlegging.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Men Herstad meiner rapporten ikkje tek for seg den reelle problemstillinga som kan komme med nye elevgrupper i Førde dersom til dømes Dale og Høyanger vidaregåande skule vert lagt ned.

– Med ein endra skulestruktur vil ein sjå ei ny gruppe med elevar som må flytte frå heimplassane sine og som ikkje ønskjer det. Eg meiner rapporten er for snever. Den tek ikkje for seg den problematikken som kan oppstå i framtida med ein endra skulestruktur, seier leiaren for Senterungdommen.

– Andre faktorar i framtida

Han meiner det ville ha vore betre å laga ein rapport som sa noko om dei framtidige elevgruppene.

– Det hadde vore meir aktuelt å sett på andre stader som har ei meir liknande elevgruppe som ein i Førde vil oppleve i framtida dersom ein legg ned vidaregåande skular, seier Herstad.

Førebels er det ingen som har gått ut offentleg med rapporten i handa som eit argument for nedlegging av vidaregåande skular, men før det eventuelt skjer meiner Herstad at ein må vere bevisst på at ved endringar i skulestrukturen vil rapporten til Førde kommune telje lite.

– Ved endring av skulestrukturen kjem det til å bli andre faktorar som blir gjeldande, enn dei faktorane som er gjeldande i dag. Denne rapporten seier i grunn berre at dagens skulestruktur fungerer relativt godt.