Det er minsteprisane på kvitfisk Nils Myklebust meiner har nådd eit kritisk lågpunkt. Og særleg er prisane på sei, hyse og brosme mykje lågare enn midten på 90-talet. Samstundes har kostnadane for fiskarane gått opp.
Går ut over rekrutteringa
Myklebust seier lønsemda er så dårleg at det går ut over rekrutteringa til fiskaryrket. No vil Sogn og Fjordane Fiskarlag ha årsakene til dei låge minsteprisane på bordet.
Råfisklova skal sikre fiskarane sikker lønsemd gjennom eit minsteprissystem. Prisfallet på kvitfisk kom som følgje av valutasituasjonen våren 2002. I fjor haust såg det betre ut, men dei første månadane i år har prisutviklinga igjen vore negativ.