Hopp til innhold

Fryktar for ekstremvinter på Strynefjellet

NORDFJORDEID (NRK): Transportør fryktar dei store snømengdene gjer at Strynefjellet blir mykje stengt i vinter.

Vinterføre på riksveg 15 over Strynefjellet

UTSETT VEG: Riksveg 15 over Strynefjellet har vore stengd store deler av julehelga.

Foto: Kristin Granbo / NRK

– Dette blir ein spennande vinter, seier dagleg leiar i Nordrikk Arild Åshamar.

Transportbransjen fryktar ny ekstremvinter på fjellet. Dagen før veslejulaftan stengde rv15, og opna ikkje att før julaftan på grunn av rasfare. 1. juledag gjekk raset og stengde vegen igjen, den opna ikkje før 3. juledag.

– Det har vore nokolunde greitt dei seinare åra, men no har vi fått mykje snø tidleg. Eg ventar vel meir stenging framover, seier Åshamar.

Arild Åshamar

SPENT: Dagleg leiar i Nordrikk, Arild Åshamar

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Nordrikk på Nordfjordeid distribuerer for Ringnes i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fleire gongar dagleg køyrer vogntog over Strynefjellet til Otta.

Men når Strynefjellet er stengt blir bilane tvinga til milevis på omvegar via Åndalsnes.

Nordrikk

VENTAR SPENT: Sjåfør Jan Ole Haus, (t.v.) og dagleg leiar i Nordrikk Arild Åshamar sjekkar føreforholda på Strynefjellet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Overvakar nøye fjellsida i det farlege partiet

Avdelingsleiar ved Norsk Geoteknisk Institutt Ulrik Domaas overvakar det rasutsette partiet i Grasdalen på Strynefjellet nøye.

Domaas seier det er uråd å vite korleis vinteren utviklar seg:

– Det er kome opp mot 2 meter snø i Grasdalen, det kan framleis kome mykje snø. Tidlegare opp mot fem meter.

Rasa går utom overbygga

Webkamera Riksveg 15 Strynefjellet Grasdal Aust

RASFARE: Grasdalen på veg opp Strynefjellet

Partiet som er skummelt ligg mellom dei to øvste tunnelane før høgfjellet. Her er fjellet bratt, og vegen ligg tett til fjellsida.

– Det er Sætreskarfjellet som er verst. Der er rasoverbygg, men skreda blir så store at dei kryssar vegen i stor lengde. Ras kan gå inn i tunnelen, seier Domaas.

Ny veg i uvisse

Politikarar frå ulike regjeringar har kome med fagre lovnader om ny veg over Strynefjellet, ikkje minst fordi tunnelane er tronge og brannfarlege.

Men då NTP vart banka gjennom i vår vart forkjemparane skuffa, regjeringa har heller ikkje landa prosessen med korleis vegen skal byggast.

Ordførar i Stryn Sven Flo (H) er også vara til Stortinget, og vedgår at ting går treigt:

– Situasjonen på Strynefjellet er ganske håplaus, det er slike situasjonar som i jula vi fryktar kvar vinter, og det har vi sagt også til dei sentralt.

Du er høgremann, så då må jo dette også handle om ditt eige parti?

– Vi føler at vi lokalt har jobba knallhardt med dette. Det er for mykje ballspel sentralt, for mykje fram og tilbake. Det som er viktig no er at det kjem avklaringar, seier Flo.

– Det burde vore gjort noko for lenge sidan

Sjåfør i Nordrikk Jan Ole Haus er ikkje imponert:

Jan Ole Haus

OPPGITT: Jan Ole Haus er sjåfør i Nordrikk og kan bli tvinga til lange omvegar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg trur det er mange med meg som meiner det er heilt håplaust at det ikkje har blitt gjort noko

Arild Åshamar er samd. Trafikken over Strynefjellet er veksande og nærmar seg eit årssnitt på tusen bilar.

– Det burde vore gjort noko for lenge sidan, og einaste alternativet er ny tunnel.