Hopp til innhold

Fryktar fjerning av ambulansebåt vil gå på tryggleiken laus

Knappe to år etter at ambulansebåten i Askvoll vart truga med nedlegging er tilbodet nok ein gong oppe til diskusjon. Innbyggjarane fryktar konsekvensane om båten forsvinn.

Ambulansebåt Solund

HER ELLER DER: Kor mange og kvar skal ambulansebåten operere frå? Alternativa er fleire og det endelege svaret får ein først til hausten når Helse Førde har alle fakta på bordet.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg syns det vil vere tragisk rett og slett. Den båten vi har i dag fungerer nesten uansett vêr. Å vurdere å legge ned den ruta høyrer ikkje heime nokon plass, seier leiar i Bulandet og Værlandet grendelag, Roar Landøy.

Likevel kan det bli ein realitet. For Helse Førde vurderer no om det skal gjerast endringar i ambulansetilbodet (sjå saksutgreiinga). I dag er det tre ambulansebåtar på kysten, i Askvoll, Solund og Florø. Fredag skal styret bestemme kva alternativ ein skal gå vidare med (sjå faktaboks).

– Det er ikkje gitt at eit helikopter kjem seg fram i dårleg vêr. Vi vil ha båten, det er ikkje så mykje pengar det er snakk om, seier Landøy.

Vil kjempe for fullt

Hausten 2014 frykta innbyggjarane også at ambulansebåten skulle forsvinne. Då vart saka trekt frå styremøtet fordi kommunane følte at dei ikkje hadde fått delta i prosessen. Denne gongen Askvollordføraren og dei andre kommunane med i prosjektgruppa, men ho er like fullt uroa for kva som skjer med tilbodet.

Frida Melvær

UROA: Ordførar i Askvoll Frida Melvær, håpar dei får halde på ambulansetilbodet slik det er i dag, både på vegen og til sjøs.

Foto: Steinar Bauge

– Eg skal vere optimistisk til det motsette er bevist. Skal kjempe knallhard kamp, spesielt for båten for den er vi heilt avhengige av, sigre ordførar Frida Melvær (H).

Alt er framleis mogleg

Prosjektgruppa skal kartlegge behovet, og har vore på synfaring i området og henta inn erfaringar frå andre helseføretak. I tillegg er det teke kontakt med politiet, kraftselskapa og fylkeskommunen for å vurdere beredskapssamarbeid. Helse Førde er også klare på at ingenting er bestemt.

– Vi vurderer på noverande tidspunkt ikkje å kutte ut noko. No skal vi prøve å kome fram til ei løysing i området som er god, med omsyn til responstid og som sikrar god beredskap og gir gode tenester til innbyggjarane i området, seier direktør for kirurgisk klinikk, Helge Robert Midtbø.

Helge Robert Midtbø

OPE: Helse Førde med Helge Robert Midtbø i spissen er klare på at ingenting er bestemt enno.

Foto: Sunnfjord Energi

For Melvær er berre ei ting godt nok.

– Det beste scenarioet er å behalde det som i dag. Det verste er at vi mister både båten og ambulansebil på land. Solund og Florø skal dekke Askvoll sine øyar og bilen blir ståande i Fjaler. Det kan eg ikkje forstå at ein kan finne på å gjere.