Hopp til innhold

Fryktar 120 mill. kr. i minus

Harry Mowatt fryktar at Helse Førde kan gå 120 millionar kroner i minus i år.

Harry Mowatt

Styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde fryktar at underskotet for 2009 blir langt høgare enn dei 95 millionar kroner som prognosene viser.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det er 25 millionar kroner meir enn dei siste prognosene viser .

- Vi må gå gjennom drifta vår totalt sett, og der ligg det ei sak som vi skal sjå på. Vi må snu både små og store steinar. Men eg vil ikkje forskottere det arbeidet. Det skal vi bruke heile hausten på, sa styremedlem Harry Mowatt etter fredagens styremøte i Helse Førde.

Ulike oppfatningar

Styremedlemene hadde ulike oppfatningar om korleis det endeleg underskotet vil sjå ut. Men Mowatt fryktar at det raude talet i verste fall kan ende på 120 millionar kroner.

Og det for eit helseføretak som "fekk løyve til" å gå med 40 millionar kroner i minus.

- Vi har gjort framlegg

På spørsmål om korleis styret og administrasjonen kunne sette seg i ein slik situasjon, svarar Mowatt følgjande:

- Det spørsmålet må du rette høgare oppover i systemet. Administrasjonen og styret har vitterleg gjort ein del framlegg som vi har fått tommelen ned på. Eg vonar at den situasjonen vi er i no kan endre haldninga på det punktet både her og der.

- Alvorleg, men...

Styremedlem Helge Bryne meiner situasjonen for Helse Førde er alvorleg, men trur likevel at underskotet vil bli betre enn prognosane.

- For det første er det stram styring i det daglege, og som sagt ligg det her veldig konkrete planer både på bemanningssida og på andre forhold utan at eg vil gå nærare i detalj på det, seier han.

Mindre overtid

Under debatten var det fleire representantar som peika på at lønnskostnadane i Helse Førde må ned. Prognosen viser ein risiko for auka lønsskostnad på 37 millionar kroner. Jorunn Ringstad meiner det må vere slutt på ostehøvelprinsippet i kuttarbeidet.

- Det er sett inn ein del tiltak for å bruke mindre overtid og mindre ekstratid. Det er ei oppgåve som administrasjonen framleis er oppteken av, og det er på det området eg vonar at vi kan få effekt, seier ho.

Ny effektiviseringsplan

Styret vedtok ein plan for å effektivisere drifta i Helse Førde. Mellom anna skal det skje ei omlegging ved sjukehusa frå døgnbehandling til dagbehandling. Styreleiar Clara Øberg seier styret framover skal ha fokus på å få ned dei store utgiftene som i dag går med til å løne vikarar og betale ut overtid.

- Det er veldig dyrt og det må vere nøye vurdert før ein brukar ein einaste overtidstime, seier ho. Øberg vågar ikkje å tippe på resultatet ved slutten av året, men vonar det blir betre enn det som er framlagt i dag.