Hopp til innhold

Frustrerte over dårleg rydding av linjetrasear

SELJE (NRK): Grunneigarar fortvilar over korleis eigedommen ser ut etter kraftlinjeutbygging. Naturvernforbundet ser liknande tilfelle over heile landet.

Rydding av linjetrase

MISNØGD: Grunneigar Jan Kåre Hatlenes er ikkje nøgd med ryddinga av skogen over huset.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fleire grunneigarar i Moldefjorden er lite nøgde med skogryddinga etter at SFE Nett i 2013 bygde ei 4,5 kilometer lang høgspentlinje frå Eide til Moldestad. Framleis ligg store mengder skog att i linjetraseen.

Jan Kåre Hatlenes

GRUNNEIGAR: Jan Kåre Hatlenes er ikkje nøgd.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg meiner skogen er rasert her. Det er ei skam. Noko er kvista og noko ikkje. Det er dårlege greier, seier grunneigar Jan Kåre Hatlenes.

I utmarka over huset hans ligg det mykje tømmer. Hatlenes seier det har lege slik i minst fire år.

– Det var snakk om at dei skulle kappe opp, men det har dei heller ikkje gjort. Eg tykkjer det er dårleg gjort. Dei fekk gratis grunn, men likevel gjorde dei ingenting.

Hard kamp

Stein Jørund Amdam eig også område langs kraftlinja.

– Det er fortvilande. Gjennom heile strekninga ligg det tømmer oppe i skogen. Skal kraftselskap forvalte noko, må dei rydde opp etter seg. Det ser ut som ei slagmark.

Sjølv klarte han å få kraftselskapet til å rydde og ta tømmeret ned til vegen.

– Det var for at eg kunne dra nytte av det, men det var ein hard kamp.

Vil utnytte tømmeret

Linjetrasee ved Moldefjorden

LIGG UNDER LINJA: Slik ser det ut omtrent midt på traseen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Biolog Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet seier at dei støttar bøndene sitt krav om skikkeleg rydding og at dei har hatt mange liknande saker rundt om i landet.

– Dette er ressurssløsing og eit hinder for både folk og dyr når tømmeret ligg hulter til bulter. Ressursane må utnyttast og det må avklarast eit tydeleg ansvar for kven som har plikt til å rydde opp.

No vil Naturvernforbundet sjå nærare på saka.

– Men det er først og fremst grunneigarar og nettselskap som må gå saman for å avklare det økonomiske og juridiske.

Ny vurdering

Atle Isaksen

​​​​​​​VIL TA KONTAKT: Atle Isaksen i SFE Nett skal snakke med bøndene som har klaga.

Foto: SFE

Det er SFE Nett som har bygd kraftlinja. Divisjonssjef Atle Isaksen seier dette om kritikken frå grunneigarane.

– I tilfellet med Hatlenes ser det ikkje bra ut, og eg har forståing for at grunneigaren ikkje er nøgd. Vi skal møte han på nytt for å finne kva vi kan gjere i hans område.

– Det er bra at Amdam vart nøgd til slutt, men det er leitt å høyre at han opplevde det som ein kamp å kome til ei løysing med SFE Nett.

Han seier det kan vere fleire årsaker til at grunneigarar i ettertid ikkje er nøgde med skogryddinga.

– Vi er i kontakt med mange grunneigarar kvart einaste år. Vi kjem stort sett godt ut av det, men av og til endar det med usemje om kva avtalar som vart gjort og korleis skogryddinga er utført i forhold til det.

Dei vil no vil sjå på sakene til dei råka grunneigarane på nytt.