Hopp til innhold

Frustrasjon over stengt Gaularfjell

Det er frustrasjon over at vegvesenet held vegen over Gaularfjellet stengd heilt fram til tysdag. Grendalaget fryktar det går utover arrangementet Esefjorden Rundt.

Britt Tone Kvalheim, leiar i grendalaget i Sværefjorden og Vetlefjorden, fryktar at den stengde fjellovergangen fører til at færre kjem på arrangementet fordi dei må køyre ein omveg.

- No lir det så langt at dei burde klare å halde vegen open. I år vil eg påstå at dei har spart mykje på brøytebudsjettet fordi det har vore lite snø, så dei kunne godt spandert nokre kroner på å halde vegen open i helga og, meiner Kvalheim.

Vegmeldingssentralen seier det er rasfare som er årsaka til at riksveg 13 over Gaularfjellet er stengd.