Hopp til innhold

Frp-Djuvik avviser løftebrot

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik (Frp) avviser at Bjørset – Skei er blitt offer for eit løftebrot frå den blåblå regjeringa.

E39

MÅ VENTE: Utbetring av E39 gjennom Jølster må vente, men fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, er trygg på at den blåblå regjeringa får starta arbeidet tidlegare enn dei raudgrøne hadde planer om.

Foto: Statens vegvesen

Både ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster, og partifelle og leiar i Stamvegutvalet, Jenny Følling, skulda regjeringa for løftebrot då løyvingane til E39-strekkja i Jølster ikkje kom i framlegget til neste års statsbudsjett.

– Prosjektet er klar til å sette spaden i jorda, og med ei startløyving på 30–40 millionar kunne vi ha starta neste år. No må eg konstatere at eg må sette sjampanjen i kjøleskåpet, sa Følling.

– Direkte feil

Frank Willy Djuvik

AVVISER: Frank Willy Djuvik likar ikkje at regjeringspartia blir skulda for løftebrot.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Frp, forstår at folk er skuffa over at pengane ikkje kom, men avviser skuldingar om løftebrot.

– Det er direkte feil. Det er dei raudgrøne sjølve som bestemte at her skulle det vere oppstart i 2016/17, med restfinansiering i neste del av planperioden, seier han og legg til at regjeringa følgjer prioriteringa som er gjort i Nasjonal Transportplan.

Overtok underfinansiering

Djuvik viser til handlingsprogrammet den førre regjeringa vedtok i 2013. Der låg prosjektet inne med 50 millionar i oppstartsløyving i 2016 og 180 millionar i 2017.

– Då vi overtok regjeringskontora i fjor, så var det veldig stor underfinansiering på NTP frå den raudgrøne regjeringa som vi måtte følgje opp, seier han og legg til:

– Eg har god tru på at denne regjeringa kjem til å realisere Bjørset–Skei raskare enn det dei raudgrøne hadde lagt opp til. Men førebels har vi ikkje kome dit at vi har fått moglegheit til å forsere prosjekt som har ligge i planen.