Hopp til innhold

Frisørar klare for skjebnekamp

Heile bygda mobiliserer framfor sesongens kanskje viktigaste Sogndal. Taper Sogndal mot Stabæk på sundag rykker dei ned.

Frisørar klare for fotballkamp

KLARE FOR SOGNDAL-KAMP: F.v. Karianne Orrestad, dagleg leiar Lilly Schøyen og Vigdis Hodlekve ved Lillys frisørsalong i Sogndal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Lillys frisørsalong i er alle fotballinteresserte og dagleg leiar Lilly Schøyen er Sogndal-patriot på sin hals

– Ja sjølvsagt, i eg tykkjer det er spanande, eg held med dei og vil dei skal vinne.

Og det må Sogndal gjere denne helga. Framfor sundagens møte med Stabæk er dei på 15. og direkte nedrykksplass med 24 poeng. For å ha håp om å vere laget som får spele kvalifisering, må Sogndal vinne heimekampen søndag mot Stabæk søndag.

Skjebnekamp

Samstundes må Brann (26 poeng) tape i bortekampen mot Haugesund, eller spele uavgjort. Spelar Brann uavgjort må Sogndal vinne med tre mål eller meir.

– Det verkar som dei fleste er veldig opptekne av kampen, og Sogndal skal klare seg i eliteserien, seier Vigdis Hodlekve.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Når Sogndal møter Stabæk i skjebnekampen om nedrykk frå eliteserien er det mykje kjensle i sving. Ikkje minst hos ekteparet Tonje Nordheim og Wilhelm Tangerud.Tonje er heilhjarta Sogndal-supportar medan Wilhelm har hjartet sitt i Stabæk.

Korleis er trua på siger?

– Den er vel litt ymse, ler Hodlekve.

Framfor kampen sundag ventar Sogndal storinnrykk. Klubben har mobilisert veldig med dumpa billettprisar og gratis kamp for elevar og Høgskulestudentar til kampen klubben må vinne. Sogndal vil rykkje ned med tap.

Laster innhold, vennligst vent..

Arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad meiner dei skal klare målet på over 5.000 tilskodarar.

Geir Inge Heggestad

VENTAR STORINNRYKK: Arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad trur på over 5.000 tilskodarar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg trur det blir ein heidundrandes fotballfest igjen på campus i flaumlys sundag klokka 18. Vi har sett oss som mål at det skal vere 5000 publikummarar på kampen.

Fleire stader både i og utanfor fylket er det mobilisert framfor skjebnekampen sundag.

– Allereie på måndag blei det kjent at dei vil sette opp bussar frå Stryn. Utover i veke har fått fleire tilbakemeldingar og tips om at det blir mobilisert både i Hemsedal, Gol og Valdres. Vi ventar til med ein minibuss med 18 personar frå Notodden.

Kryssar fingrane

Tilbake i frisørsalongen er spaninga nesten til å ta og føle på. Karianne Orrestad her sjølv spelt fotball og NRK snakkar med ho skal ha snart ha ein av Sogndalspelarane i stolen for ein siste finpuss framfor sundagens storkamp.

– Eg får prøve å seie lykke til og stå på, og så får vi håpe det går bra.

– Kor engasjert blir du?

– Eg er veldig toppteken av Sogndal, og har drive med fotball sjølv så eg blir alltid engasjert når det er kampar, eg pleier å vere på heimekampane.

Damene i salongen har tippa at resultert blir 4–0 til Sogndal når dommar bles av kampen etter 90 minutt sundag. Skulle resultert gå motsett veg er damene klare med eit trøystande ord til kundane som kjem innom salongen på måndag

– Det kan godt hende, eller kanskje det er dei som trøyste oss, ler damene.