Alf Hjelle forstår ikkje at folk kan få seg til å gjere noko slikt. Personen fekk med seg fleire julegåver til barneborna og andre familiemedlemmer. Det skriv Firda Tidend i dag. Tjuveriet vart ikkje oppdaga før på måndag.
- Ein av naboane fann julepapir ute, og der stod namnet til kona og meg. Då fann vi ut at alle julegåvene var vekke, fortel han.
Fann to pakkar
Innhaldet i to av dei fem pakkane vart funne, medan dei andre framleis er vekke. Ekteparet trur dei såg fjernsyn då tjuveriet skjedde og at difor ikkje høyrde at den stillefarande tjuven lista seg rundt i huset.
- Spesielt tjuveri
- Det er trist at folk går inn i huset til andre på denne måten, og vi ser alvorleg på det. Det seier politiførstebetjent Torbjørn Sælen.
Han fortel at politiet er ute etter tips og dei har ingen mistenkte. Han synest tjuveriet er spesielt. - Akkurat denne typen saker har ikkje eg opplevd, seier han.
Elisabeth og Alf Hjelle håpar no at personen som har stole pakkane leverar dei tilbake.