Hopp til innhold

No kan ordføraren juble for 40 nye arbeidsplassar

Regjeringa har vedteke å flytte Fredskorpset frå Oslo til Førde.

Ordførar Olve Grotle fortel gladnyhende til politikarane frå den nye storkommunen.

JUBEL: Ordførar Olve Grotle (H) vart møtt med jubel og applaus då han presenterte nyhenda for kommunestyra frå Jølster, Naustdal, Førde og Gaular. Kommunane skal slå seg saman til ein storkommune.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Flyttinga av Fredskorpset til Førde er del av Regjeringa og Venstre sine planar om å flytte 630 arbeidsplassar frå Oslo til distrikta .

Regjeringa tek sikte på å gjennomføre flyttinga i løpet av 2018.

– Dette er godt nytt for oss. Samstundes skal vi vere klare over at det ikkje er alle som har ein god dag i dag, men eg tykkjer at vi må ha lov til å glede oss over det som er bestemt, seier ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

Lyn frå klar himmel

Erik Thompson og Marianne Jorddal

SJOKK: Erik Thompson og Marianne Jorddal i Fredskorpset reagerte med sjokk då dei fekk høyre om flytteplanane til Regjeringa. – Det har vore tårer i dag og det blir nokre tøffe dagar framover, seier Jorddal og føler at flyttinga er følgjene av ein politisk hestehandel mellom Venstre og Høgre.

Foto: Cathrine Ekehaug / Fredskorpset

Regjeringa sine planar om å vurdere og evaluere utflytting av Fredskorpset sine stillingar i Oslo slo ned som lyn frå klar himmel i februar . Alternativa var Stavanger, Trondheim og Bergen.

Tilsette reagerte med sjokk og vantru. Dei fryktar at kompetansemiljøet som over tid er bygt opp i Oslo blir rive ned og at Fredskorpset må starte på nytt.

– Eg er skuffa og forbanna. Ei godt fagmiljø blir øydelagd. Det vil ta lang tid å byggje det opp att på nytt i Førde, seier Marianne Jorddal, som er tillitsvald for Delta i Fredskorpset.

Ho seier at dagen har vore prega av tårer og oppgitte tilsette.

– Tilsette og familiar blir ramma. Eg tvilar på at mange blir med til Førde, seier ho.

Kjenner seg trygg

I Oslo fryktar ein at kompetansemiljøet som er bygt opp over tid vil bli rive ned, og at Fredskorpset må starte på nytt.

Nita Kapoor

MOGLEGHEITER: Nita Kapoor, direktør i Fredskorpset, skildrar flyttinga frå Oslo til Førde er ein krevjande realitet. – Men vi ser også moglegheitene til å etablere noko nytt, sterkt og slagkraftig i Førde. Vi ser ein moglegheit for å vere med på å ta internasjonal politikk, internasjonale spørsmål og utviklingssamarbeid også ut av Oslo-gryta , seier ho.

Foto: Fredskorpset

– Skulle vi følgt dette, så hadde det ikkje vore mogleg å flytte ut statlege arbeidsplassar, seier Grotle og meiner erfaringane viser at det vellukka å flytte organ frå Oslo til distriktet.

– Førde har ein god arbeidsmarknad og miljø, så eg er sikker på at vi får kompetent og god arbeidskraft om nokre ikkje ynskjer å følgje med. Det kan nok bli utfordrande i ein overgangsperiode, men i det lange løp er eg sikker på at det blir bra, held han fram.

Førde peika seg ut

Børge Brende

VIKTIG: – Det er viktig for regjeringa å sikre sterke internasjonalt retta fagmiljø også utenfor Oslo, seier utanriksminister Børge Brende.

Foto: Gro Holm

Då stortingsrepresentant André Skjelstad (V) i februar presenterte planane om å flytte Fredskorpset, såg han Sunnfjordregionen som ideell for Fredskorpset på grunn av nærleiken til UWC i Fjaler.

– Førde kommune har vist stor interesse for lokalisering av Fredskorpset. Saman med leiinga og dei tilsette i Fredskorpset vil vi legge opp til ein prosess som sikrar at dei oppgåvene Fredskorpset er sett til å løyse blir godt ivareteke i Førde, seier utanriksminister Børge Brende (H).

Betre balanse

Regjeringa meiner flyttinga vil medverke til ein betre balanse av statlege arbeidsplassar i Norge, og kunne stimulere til vidareutvikling av internasjonal verksemd i Førde.

Det er førebels uvisst om korpset vil behalde alle 45 arbeidsplassar når det kjem til Førde.

– Når Fredskorpset no blir flytta, så er det naturleg å evaluere korpset og det skjer i løpet av hausten. Det er uvisst om det får noko å seie for tal arbeidsplassar, seier Grotle.

Internasjonal verksemd

Fredskorpset er eit forvaltningsorgan som støttar utveksling av arbeidstakarar mellom norske og utanlandske verksemder og organisasjonar.

Kring 10.000 personar, hovudsakleg ungdom og unge vaksne, har sidan 2000 delteke i ordninga. Stortinget si løyving til Fredskorpset for 2017 er 188 millionar kroner.