Hopp til innhold

Framstegspartiet går inn i valkampen med reform-motvind

– Målet er at vi skal inn og styre landet og gjennomføre vår politikk. Men ikkje for ein kvar pris, seier Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

Fylkesårsmøte i frp 2017

STATSRÅD: Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) heldt innlegg om korleis Sogn og Fjordane Framstegsparti kan engasjere veljarar mot valkampen. Dei må bygge opp organisasjonen og bli betre på sosiale media, var nokre av tipsa hans.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Vi har heile tida frå Framstegspartiet si side sagt to ting. Det eine er at vi ikkje støttar ei regjering vi ikkje er ein del av sjølv. Vi vil sitte og ta ansvar. Det andre er at vi ynskjer ei fleirtalsregjering av ikkje-sosialistiske parti, seier olje- og energiminister Terje Søviknes under Framstegspartiet sitt fylkesårsmøte i Sogndal.

Kristeleg folkeparti vil ikkje garantere for ei borgarleg regjering om det skulle bli eit ikkje-sosialistisk fleirtal under stortingsvalet til hausten.

Men fylkesleiar Lars-Svein Drabløs opna døra på gløtt for å at framstegspartiet skal støtte Venstre og KrF dersom dei skulle bli større enn Frp til hausten.

Lars-Svein Drabløs

FYLKESLEIAR: Lars-Svein Drabløs sette døra på gløtt for å støtte ei borgarleg regjering der dei ikkje sjølv er med. Det viktigaste er at ikkje Arbeidarpartiet eller Miljøpartiet dei grøne får sleppe til, sa han i sin opningstale.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Eg held meg til det som er sagt om at KrF og Venstre ikkje vil sitte i regjering med oss. Difor synest eg denne debatten er viktig å ta. Det aller viktigaste er at Arbeidarpartiet ikkje kjem til makta, meiner Drabløs.

I reform-motvind

Til kommunevalet i 2015 klarte Frp å stille liste i 10 kommunar i fylket, langt færre enn planlagt.

Oppslutninga til partiet har ikkje auka i Sogn og Fjordane.

– Årsaka til det er nok todelt. Vi har ikkje klart å motivere som vi burde. Og så er det klart at det har komme nokre saker som har vore litt uheldige for oss, meiner Lars-Svein Drabløs.

Fylkesleiaren siktar til regjeringa sine reformer for å slå saman kommunar, fylke og

Frank Willy Djuvik

GRUPPELEIAR: Frank Willy Djuvik meiner Framstegspartiet ikkje skal gå i regjering for ein kvar pris.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

lensmannskontor. Misnøye med reformene viser att på meiningsmålingane, og gruppeleiar for Frp på fylkestinget, Frank Willy Djuvik meiner partiet må ta sjølvkritikk.

– Vi har vore for dårlege til å ta til motmæle når Senterpartiet har kritisert oss og prøvd å skape eit feil bilde av vår politikk. Vi har ikkje greidd å forsvare oss, men blitt litt matt og prøvd å gøyme oss i ein krok. Det må det bli slutt på, seier Frank Willy Djuvik.

Han meiner partiet må vere stolte av politikken dei har ført.

– Vi gjekk til val på denne politikken, og har gjennomført mykje av den. Då må vi tørre å fortelje til veljarane kva vi har gjort, og kvifor vi meiner det er fornuftig å gjere det.

Ikkje for ein kvar pris

Den besøkande statsråden Terje Søviknes seier Framstegspartiet ikkje skal støtte ei regjering dei ikkje er ein del av. Det seier Frank Willy Djuvik seg einig i.

– Det må vere eit mål at vi skal inn og styre landet og gjennomføre vår politikk. Men ikkje for ein kvar pris. Om det er slik at vi ikkje får gjennomslag for politikken vår, er det betre å tre til side, seier Djuvik.