Hopp til innhold

Frp stiller liste i berre 10 kommunar

Regjeringspartiet Frp stiller lister i berre 10 kommunar i Sogn og Fjordane, tre færre enn ved førre val. Fylkesleiaren gir intern uro skulda.

Lars-Svein Drabløs

MÅ TEMJE BRÅKET: Striden som har blussa opp i Sogn og Fjordane Frp kostar partiet valdeltaking, trur fylkesleiar Lars-Svein Drabløs.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Veljarane i 16 kommunar får ikkje høve til å røyste Framstegspartiet ved haustens kommuneval.

– Etter det eg veit, stiller vi liste i 10 kommunar. Vi hadde ei målsetjing om langt fleire. Det oppnådde vi ikkje, og bråket som har vore i partiet dei siste vekene har ikkje gjort det enklare, seier fylkesleiar Lars-Svein Drabløs til NRK.

Djuvik vs. Starheim

Lars Svein Drabløs og Frank Willy Djuvik

OMSTRIDD: Tidlegare fylkesleiar Frank Willy Djuvik, som på årsmøtet i førre månad overlèt leiarklubba til Lars-Svein Drabløs har måtte tole kritikk for dårleg organisasjonsstyring, påstandar om økonomisk rot og manglande organisasjonsbygging.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK
Åge Starheim

MELDE SEG UT: Tidlegare stortingsrepresentant og æresmedlem i Frp, Åge Starheim, takka for seg i protest mot at Frank Willy Djuvik toppar partiet si fylkestingsliste. Djuvik som er skulda for å vere einerådande, har avvist kritikken.

Foto: NRK

31. mars gjekk fristen for å melde inn vallister til kommunevalet ut. NRK har kartlagt alle dei politiske partia sine lister i Sogn og Fjordane.

Det er ikkje regjeringsslitasje, men bråket rundt Frank Willy Djuvik – og partiveteranen Åge Starheim si utmelding som har skulda. Slik forklarer fylkesleiaren i Frp at partiet går frå 13 til 10 lister.

– Eg ser ikkje på det at vi er eit regjeringsparti som hovudårsaka til at vi ikkje lykkast. Det går meir på internt bråk i Sogn og Fjordane, meiner Drabløs.

SV får ikkje tak på Årdal

Ap, Høgre og Sp stiller lister i alle kommunar. Venstre stille i 23 kommunar. Nykomlingen Miljøpartiet fossar fram med liste i 10 kommunar.

SV som slit på dei nasjonale meiningsmålingane har 19 lister.

– Eg skulle gjerne ha sett at vi gav folk i alle kommunane i fylket høve til å røyste SV ved kommunevalet, seier fylkesleiar Vibeke Johnsen.

Partiet hennar stiller liste i likt tal kommunar som ved førre val. Også denne gongen må Johnsen sjå at SV ikkje maktar å stille liste i elles så raude Årdal.

Vibeke Johnsen

STILLER 19 LISTER: Røystesetlane til vesle SV og fylkesleiar Vibeke Johsen blir å finne i 19 kommunar. Ni fleire enn regjeringspartiet Frp.

Foto: SV

– Vi har tidlegare hatt god representasjon i Årdal. Det har vi ikkje hatt dei siste åra. Men vi har gjort eit godt stykke dugnadsarbeid for å få på plass dei 19 listene.

Fann ikkje toppkandidatar på KrF-liste

I KrF skulle nestleiar Oddgun Grane i Askvoll gjerne sett av dei vart partiet si 20. liste, slik vart det ikkje.

– Vi har namn til å fylle ei liste, men vi har ingen toppkandidatar. Då blir det vanskeleg for oss å stille liste denne gongen, erkjenner Grane.

Dermed maktar KrF berre å stille liste i 19 kommunar i fylket. Grane lovar å komme sterkt tilbake i Askvoll.

– Vi har ei veldig stabil medlemsmasse og kjem garantert tilbake. Det skal vi jobbe for i den neste perioden.

Vil styrke Frp-organisasjonen

I Frp vil Drabløs ikkje slå seg til ro med berre ti lister neste gong det skal røystast.

– Vi held på å jobbe fram ein organisasjon som skal ta tak i desse tinga, slik at vi står langt sterkare både til stortingsvalet og kommunevalet om fire år, seier Frp sin nye fylkesleiar.