Arkiv NRK
Ei spesiell kommunal avtale hindrar det som har skjedd elles i landet - nemleg ein skrikande mangel på veterinærberedskap.
– Situasjonen i desse kommunane er ganske spesiell på landsbasis, seier veterinær Jørgen Langeland i Eid.
Langeland og eit par andre kollegaer syter for at dyra i Bremanger, Eid, Selje og Vågsøy får behandling når dei verkeleg treng det. Årsaka er ei gammal kommunal avtale, som no gjer seg gjeldane på denne måten. Til stor glede for dyreeigarane i desse kommunane.
Inga godtgjering
- Veterinærforeininga har tilrådd at vi ikkje skal gjere noko med kommunale avtaler no, så vi har valt å svare på vakttelefonen sjølv om det no ikkje er noka vaktgodtgjering, seier Langeland.
- Så de rykker ut i akutte situasjonar?
- Ja, det vil vi gjere då, stadfestar Langeland.
Sentral strid
Bønder og andre med sjuke dyr fortvilar over manglande veterinærberedskap. For etter nyttår har striden mellom veterinærforeininga og Landbruksdepartementet fått store konsekvensar. Partane vert ikkje vert einige om godtgjering for vaktordninga. Det betyr at veterinærane elles i landet ikkje tek telefonen etter vanleg arbeidstid lenger.
- Sidan det ikkje er nokon vaktkompensasjon i den kommunale avtalen vil vi fortløpande vurdere kor lenge vi vil fortsette på denne måten, seier veterinæren i Eid.