NRK Meny
Normal

Her kan dei ikkje opne vegen før tidlegast søndag

ÅRDAL (NRK): Årdølene må klare seg utan vegsamband vestover i minst ein dag til. Vegvesenet seier dei tidlegast kan opne fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen på søndag.

Helikopter spyler fjellsida ved Finnsåstunnelen i Årdal

SPYLER FJELLSIDA: Ved hjelp av helikopter får Vegvesenet no spylt fjellsida over Finnsåstunnelen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Den nye vurderinga er at vi ikkje opnar vegen før søndag, seier kontrollingeniør Bjørn Indrebø i Statens vegvesen til NRK.no klokka 12.30.

Vegvesenet har i føremiddag starta opp med spyling av fjellsida på rasstaden ved Finnsåstunnelen som ligg like ved Årdalstangen.

Må fjerne lause tre

Statens vegvesen sin geolog, Tore Medgard, har i føremiddag gjort vurderingar av fjellsida over tunnelen. Han seier det ligg att ein del lausmasse i sjølve skredløpet, og at det også er tre og lausmasse som står att i brotkanten, altså der skredet starta.

– Det vi skal gjere er å spyle skredløpet, sa han til NRK.no like klokka 10.30 fredag.

Først etter at fjellsida er spylt godt nok kan sjølve ryddearbeidet på vegen starte. Etter halvannan time med spyling har Vegvesenet kome fram til at dei ikkje får opna vegen i ettermiddag, slik dei først hadde håpa.

Årsaka er at dei har bestemt seg for å få fjerna dei lause trea som ligg att der raset gjekk, før dei opnar vegen for trafikk.

– Mesteparten av dagen i dag går med til spyling. I kveld riggar vi til for å byrje å rydde raset. Men i morgon kjem det eit firma som skal rydde vekk skogen, og då får vi ikkje lov til å jobbe under dei medan dei held på, forklarar Indrebø.

Når vegen opnar att, truleg søndag, vil det i første omgang bli med eitt ope køyrefelt.

Vegvesenet har også sett inn ekstra mannskap på fjellovergangen Årdal-Tyin. Dette er den einaste omkøyringsvegen, og det er difor ekstra viktig at overgangen blir halden open gjennom helga.

Statens vegvesen på synfaring ved Finsåstunnelen i Årdal.

HAR VURDERT FJELLSIDA: Ein geolog frå Vegvesenet var i føremiddag på plass for å gjere vurderingar av fjellsida frå helikopter.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dette taklar vi

Fylkesveg 53 er hovudvegen for alle dei rundt 5000 innbyggjarane i Årdal kommune. Det einaste omkøyringsalternativet er via fjellovergangen Årdal-Tyin og vidare på E16 over Filefjell. Omkøyringa tek om lag to timar.

Arild Ingar Lægreid

IKKJE ISOLERT: Ordførar Arild Ingar Lægreid vil ikkje svartmåle situasjonen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ein krevjande situasjon med tanke på pendling, skule og bedrifter. Men dette taklar vi. Så lenge det ikkje går med liv, så taklar vi det praktiske, seier ordførar Arild Ingar Lægreid til NRK.no tidleg fredag morgon.

Han og resten av kriseleiinga i kommunen skal samlast i føremiddag, der dei skal diskutere vidare kva dei som kommune skal gjere for å sikre at blant anna beredskapen er sikra.

Allereie i går fekk dei på plass ei ordning med legevakt i Årdal, ei ordning dei vil halde oppe så lenge vegen er stengt. Helse Førde har også styrka sin ambulanseberedskap i Indre Sogn på grunn av den rasstengde vegen inn til Årdal.

– Vi er ikkje isolert

Det er førebels ikkje sett opp båt eller ferje for å kome forbi rasstaden. Tide har lagt ut opplysningar om ruteendringar for buss på Kringom sine nettsider.

Fjellvegen over Tyin er utsett for vêr og vind, men vêrmeldingane for dei neste dagane ser bra ut. Lægreid vil ikkje svartmåle situasjonen.

– Vi er ikkje isolerte. Vi har fjellvegen over Tyin. Det er litt lenger å køyre, men vi er ikkje isolert og har ein veg ut av kommunen, seier han tidleg fredag morgon.

Sleppområdet over Finsåstunnelen i Årdal.

SLEPPOMRÅDE: Det er tydelege spor i fjellsida der jord og stein har losna.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Trur ikkje bilar og personar er tekne

Steinras ved Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 i Årdal

STORT SLEPPOMRÅDE: Bileta frå staden viser at det er eit stort parti av fjellet som har rasa ut.

Foto: Politiet

Meldinga om det store jord- og steinraset ved inngangen til Finnsåstunnelen kom inn til politiet klokka 14.14 torsdag ettermiddag. Raset skal vere vel 70 meter breitt, og minst fire meter høgt.

Dei første bilistane som kom til rasstaden fortalde i går at det framleis var småstein og støv i lufta.

Dykkarar frå Bergen brannvesen vart sende til staden for å gjere undersøkingar i sjøen, men mørket og steinsprang på staden gjorde at dei ikkje gjekk i vatnet.

Politiet opplyste i går ettermiddag at alt av vitneopplysningar tilseier at det ikkje skal ha vore personar eller bilar i raset. Ifølgje politiet sin operasjonssentral er det ikkje snakk om nye forsøk på dykking ved rasstaden fredag.

Ras Finnsåstunnelen

INNANFRÅ: Dette var synet som møtte dei som kom til munningen av Finnsåstunnelen kort tid etter at raset har gått.

Foto: NRK-tipsar

Fabrikksjefen på Norsun i Årdal, Steinar Talle, seier vegstenginga får store konsekvensar for både bedrifter og resten av bygda. Då NRK snakka med han i går gav han uttrykk for at han var kritisk til at oppryddingsarbeidet let vente på seg. Vegvesenet signaliserte torsdag at vegen først kan opne laurdag.

Ras ved Finnsåstunnelen.

STORE STEINAR: Inngangen til Finnsåtunnelen er sperra av dei store steinblokkene som har rasa ned frå fjellsida over tunnelen.

Foto: Politiet
Laster kart, vennligst vent...

RETT VED ÅRDALSTANGEN: Finnsåstunnelen ligg like ved Årdalstangen. Det er ved munninga i retning Fodnes at raset har gått.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.