NRK Meny
Normal

Framleis null aktivitet i Sløvåg

Fem år etter tank-eksplosjonane ved Alexela Sløvåg er det framleis ingen aktivitet ved anlegget i Gulen.

Alexela i Sløvåg i Gulen.

STILLE: Biletet er frå ei synfaring i 2011. Lite har skjedd sidan den tid.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sløvåg-anlegget er omgjort frå mottak av farleg oljeavfall til mellomlagring av bensin, og skulle vore i drift for fleire å sidan sidan. Det heile har vore eit enormt tapssluk for det estiske eigarselskapet. Rettskrangel med tidlegare eigarar og strenge miljøkrav er medverkande til at det heile har teke så lang tid.

Svarar ikkje på spørsmål

Eigarane, Aarto Eipre, vil trass i ei rekke spørsmål ikkje uttala seg til NRK om utviklinga, men i ein epost vidareformidla av selskapet Alexela Sløvåg, skriv dei følgjande:

"Terminalen vil i løpet av dei neste vekene sluttføre eit omfattande moderniserings- og ombyggingsprosjekt. Vi vil gjerne svare deg på spørsmål i forbindelse med opninga av terminalen og eventuelt gje intervju og omvisning ved terminalen når dato for dette er sett."

Small etter få dagar

Berre dagar etter at det estisk eigde selskapet Alexela Sløvåg hadde teke over anlegget for mottak av oljeavfall i mai 2007, eksploderte to av oljetankane. Ingen personar vart skadde, men heile tankanlegget vart øydelagt og har sidan vore eit samanhengjande økonomisk mareritt for eigarane. I perioden 2008 til 2010 er det samla minusresultatet på om lag 200 millionar kroner.

25. mars 2010 kunne dei likevel melde om ny aktivitet ved Alexela Sløvåg.

Men det heile har ikkje gått som planlagt. Rettskranglar med dei tidlegare eigarane, eit omfattande oppryddingsarbeid og strenge norske krav til godkjenning av det nye anlegget, gjer at det heile har teke mykje lenger tid enn venta.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast