Dei tre er no klaga inn til advokatforeininga.
Det stadfester advokt Per Magne Kristiansen på vegner av Trond Emblem, tidlegare eigar av Vest-Tank. Emblem er dømd til å punge ut 70 millionar, men klagar no på motparten sine advokatar, fortel Kristiansen.
Har kosta 280 millionar
– Han har levert ein klage til Advokatforeningen i høve til den prosessen som har vore, seier Kristiansen til NRK.
Dei kraftige eksplosjonane i mai 2007 førte til omfattande skader og forureining ved Vest-Tank sitt oljeanlegg i Sløvåg i Sogn og Fjordane.
Oppryddingsarbeidet har fått ein prislapp på svimlande 280 millionar kroner, og krangelen om kven som er ansvarleg for eksplosjonane har vore hard.
- LES OGSÅ:
Anka til lagmannsretten
Trond Emblem vart i den samaheng dømd i tingretten til å betale Alexela Sløvåg 70 millionar kroner. Emblem har anka saka inn for lagmannsretten. Og no har han altså klaga tre advokatar i advokatfirmaet Stenstrup og Stordrange inn for Advokatforeininga og skuldar dei mellom anna for dokumentfalsk. Advokat Kristiansen ønskjer ikkje å gje ytterlegare kommentarar til saka.
– Dette er spelets reglar, og dei følgjer eg. Men det er levert inn ein klage, ja.
– Overraska
Ein av advokatane som er klaga inn til Advokatforeininga, Erik Myhr Nilsen, stiller seg uforståande til påstandane om dokumentfalsk.
– Eg er veldig overraska over at kollega Kristiansen framfører denne typen klager på radio utan å informere oss og spørje oss om kommentarar på førehandm seier Nilsen.
– Men har de forfalska dokument?
– Vi har aldri forfalska noko dokument, men vi kan ikkje kommentere dette utan å vite kva for dokument han snakkar om.
– Ingenting å frykte
Fryktar du reaksjonar frå Advokatforeningen?
– Vi har ingenting å frykte, seier Erik Myhr Nilsen, advokat for Alexela Sløvåg.
Han ønskjer ikkje å uttale seg på radio, men fortel at han er overraska over å vere klaga inn til advokatforeininga utan å vere informert om det på førehand. Ut over dette ønskjer han ikkje å uttale seg.
Det blir no opp til advokatforeinga om det vil bli reaksjonar mot dei tre Alexela-advokatane.