Hopp til innhold

Fengsel for Vest Tank-sjefen

Tidlegare dagleg leiar i Vest Tank, Jostein Oddvar Berland, er dømd til ei av dei strengaste dommane for miljøkriminalitet.

Vest Tank

GJEKK I LUFTA: I mai 2007 eksploderte to tankar på Vest Tank sitt anlegg i Gulen.

Foto: Kåre Næss

Tidlegare dagleg leiar i selskapet Vest Tank AS, no Alexela Sløvåg AS, Jostein Oddvar Berland, er dømd til eit og eit halvt års fengsel for miljøkriminalitet av Gulating lagmannsrett.

Den tidlegare rådgjevaren for Vest Tank, Karl Jan Erstad, vart frifunnen.

Det var i mai 2007 at to tankar eksploderte på selskapet sitt anlegg i Gulen. Folk på anlegget var i livsfare og eksplosjonen førte til helsefarlege utslepp.

Streng reaksjon

Berland blei dømd etter alle tiltalepunkta, som gjaldt fleire brot på forureiningslova, arbeidsmiljølova og brann- og eksplosjonsvernlova.

Lagmannsretten meiner mellom anna at «I denne saka tilseier allmenne omsyn ein streng reaksjon. Den gjeld uløyves og uforsvarleg drift av eit anlegg med stort potensiale for alvorleg forureining og fare for liv og helse for arbeidstakarar og folk i grannelaga.»

– Hans kommentar er at han opplever dommen som strengt urimeleg , seier Berland sin advokat, Christian Eckhoff.

Vurderer anke

Aktor i saka, førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, skal no vurdere om straffeutmålinga skal ankast vidare til Høgsterett.

– Når det gjeld straffeutmålinga for dagleg leiar, så er det noko vi no vil vurdera om skal ankast til Høgsterett. Alvorleg miljøkriminalitet skal det reagerast strengt mot, og vi meinar at straffa nok skulle vore noko høgare, seier Høviskeland til NRK.

Rådgjevar Erstad som var tiltalt for brot av eitt tilfelle av forureiningslova ved å ha gitt råd til reinseprosessen som førde til eksplosjonen, blei frifunne under dissens. To av retten sine dommarar meinte han skulle dømmast.

Dagleg leiar i Vest Tank Jostein Berland

DØMT: Tidlegare dagleg leiar i Vest Tank AS, Jostein Oddvar Berland.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ikkje overraska

Erstad sin advokat, Torbjørn Sognefest Kolås, er ikkje overraska over frifinninga og han reagerer sterkt på det han omtalar som prosessen mot Erstad frå fleire hald.

– Det har jo gått nokre år og det er ikkje veldig triveleg å bli skulda av miljøvernministeren for å vera ein kjeltring via lokalavisene og få ein straffepåstand på eit år frå påtalemakta, seier Kolås.

Advokaten er glad for frifinninga.

– Han var trygg på å bli frifunnen, så det var som forventa. Heilt enkelt, så var min klient si handling ikkje straffverdig, seier advokat for Karl-Jan Erstad, Torbjørn Sognefest Kolås til NRK.

Fleirtalet la vekt på at han ikkje hadde brukt mykje ressursar på oppdraget medan mindretalet meinte han hadde opptrådt grovt aktlaust ved å laga eit opplegg for nøytralisering av væska innafor eit fagområde som han ikkje hadde kompetanse på.

Selskapet har tidlegare vedteke ei bot på to millionar kronar for brot på forureiningslova, arbeidsmiljølova og brann- og eksplosjonsvernlova.