Hopp til innhold

Framand mann tigga mat hos 7-åring

Ein framand mann tok seg inn hjå ei sju år gamal jente som var åleine heime på Vassenden tysdag ettermiddag.

Mannen oppførde seg ikkje truande, men lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, meiner likevel at ei slik åtferd er uakseptabel.

- Han hadde ikkje oppførd seg truande på nokon måte, og det er heller ikkje noko som tyder på at stole noko frå huset. Men vi reagerer på denne episoden, seier han.

Fekk mat

For det var eit underleg besøk. Mannen ringte på og spurde om det var nokon andre enn sjuåringen heime. Det avkrefta jenta, og mannen bad då om å få koma inn.

- Han sa at han var svolten og spurde om han kunne komme inn for å få mat. Jenta sleppte mannen inn i huset og ordna mat til han. Då mannen hadde ete, gjekk han frå huset, seier han.

- Spesiell åtferd

Men Skurtveit veit ikkje om dette faktisk er ei straffbar handling. Han veit difor heller ikkje kva reaksjon mannen kan venta seg når politiet finn han. Skurtveit kjem uansett til å understreka det spesielle ved denne åtferda.

-  Det et svært spesielt at folk oppfører seg på denne måten, og ber om å få komme inn når det er mindreårige heime. Vi veit ikkje 100 prosent sikkert kven dette er, men vi har ein mistanke om kven dette er, seier Skurtveit.

- Truleg ikkje straffbart

- Det er ikkje ulovleg for framande å ta seg inn til sjuåringar som er åleine heime. Det seier professor i strafferett ved Universitetet i Bergen, Henry John Mæland. Han meiner denne hendinga ligg i gråsona av det lovlege, men han trur ikkje mannen har gjort noko straffbart.