NRK Meny
Normal

Frå Nottingham Forest til Sogndal for å rykke opp

SOGNDAL (NRK): Ian McParland følgde med i dragsuget då Nottingham Forest-manageren fekk sparken i fjor vår. No vil han lære Sogndal underhaldande pasningsspel på veg mot ny elitekontrakt.

Ian Mc Parland

DEBUTERER I NORSK FOTBALL: Ian McParland var i fjor i Nottingham Forest sitt trenarteam. No er han på plass i Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg fekk gode vibbar av Eirik og heile fotballklubben. Det var i det heile ganske forfriskande. Det var hyggelege folk. I England er det vanskeleg å finne hyggelege folk innan fotballen om dagen, så eg tenkte meg og sa "Ja, eg går for det!", seier Ian McParland til NRK.no.

Skotten vart måndag ettermiddag vart presentert som Sogndal sin nye A-trenar under Eirik Bakke.

Dermed har Sogndal funne løysinga på problemet som følgje av at Bakke enno ikkje er ferdig godkjent trenar med UEFA Pro-lisens.

LES OGSÅ: Eirik Bakke: - Det er viktig at Ian får stor plass

53-åringen har bak seg 118 kampar som manager i Notts County og mellombels manager i Nottingham Forest og Ipswich Town. I tillegg var han assistentmanager i Swindon Town.

McParland har også hadde også ei lang karriere spelar på ulike nivå i England, Skottland og i Hongkong. Som spiss vart det 320 kampar og 88 mål, hovudsakleg for Notts County.

Bakke ringde

– Eg jobba med Billy Davies i Nottingham Forest fram til i mars i fjor. Billy mista jobben, og eg mista jobben. Eg jobba ein del med oppdrag for TV då eg fekk ein telefon frå ein kar i England som kjenner Eirik godt. Han fortalde at Eirik såg etter ein trenar med pro-lisens og sende CV-en min til Eirik, fortel McParland til NRK.no.

Han fekk etter ei tid telefon frå Eirik bakke som inviterte han over til Sogndal i august for ein prat. Det vart full klaff og no er fotballnomaden klar for sin første norske klubb.

– Ja, det er litt annleis, men det er fotball. Eg ser fram til å jobbe med spelarane og staben, seier han til NRK.no.

Familien blir i England

No får briten fast base i Sogndal, men kona og sonen blir igjen i England der McParland for det meste har hatt tilhald dei siste 30 åra.

– Eg blir her det meste av tida, men vil sjølvsagt besøke dei, og dei vil regelmessig komme hit. Det blir ein del reising, men kona mi veit at ein må reise innan fotballen, seier den nye Sogndal-trenaren.

Han viser til at familien som bur i Nottingham er blitt vande med pendlartilværet etter mange år først som toppspelar, og seinare som trenar på høgt nivå.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sogndal sitt trenarteam 2015

DEN NYE LEIINGA: Eirik Bakke Sogndal sitt trenarteam for 2015: Bak f.v.: Ynge Myhre, Marius Bøe, Helge Haugen. Framme f.v.: Ian McParland, Eirik Bakke og Terje Skjeldestad.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eirik er sjefen

Når han no kjem til vesle Sogndal er McParland klar på at det er Bakke som har siste ord.

– Eirik er sjefen. Eg skal hjelpe Eirik det eg kan på treningsfeltet og utanfor treningsfeltet. Eirik styrer klubben og spelarane. Håpet er at eg kan gi han gode råd og at vi jobbar godt saman med dei andre karane.

McParland meiner det nye trenarteamet har fått ein god dialog. Planane for forsesongen er alt spikra.

– Vi veit korleis vi vil spele. Vi har dei same verdiane, same forståing for korleis vi vil spele fotball. Alle lag eg har vore involvert i har vore spelande lag. Lag med mykje pasningsspel. Eg likar at vi held på ballen og spelar framover, og når vi ikkje har ballen skal vi vere aggressive for å vinne tilbake ballen. Vi skal halde høgt tempo, lovar skotten.

Målet er opprykk

Den tidlegare Nottingham Forrest-trenaren er klar på at han ønskjer seg eit underhaldande Sogndal-lag i årets 1. divisjon. Ein divisjon han førebels ikkje veit altfor mykje om. Han såg Sogndal i aksjon mot Molde i fjor, og har elles sett laget gjennom nokre treningsøkter.

– Eg håpar vi kan spele god fotball, og viktigast av alt at vi kan spele godt nok til å vinne kampar. Eg håpar og trur at vi kan kjempe i toppen. Håpet må vere opprykk, noko som hadde vore heilt fantastisk, vedgår Sogndal sin skotske trenar.

McParland sin managerstatistikk

Lag

Nivå

Frå

Til

Kampar

Sigrar

Uavgjort

Tap

Nottingham Forest

League 1

17.02.2006

30.05.2006

13

8

4

1

Notts County

League 2

18.10.2007

12.10.2009

103

28

31

44

Ipswich Town

Championship

07.01.2011

12.01.2011

2

1

0

1

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.