Hopp til innhold

I dag kom nedturen for Vedvik

For tre veker sidan var Marius Vedvik i sitt livs form. I dag leverte han sin dårlegaste 5.000 meter på to år. – Eg har nok trena meg i senk, seier han.

Marius Vedvik under Bislett Games

TUNGT: Marius Vedvik fekk ein tøff jobb på dei siste rundane på Bislett stadion i kveld. – Men heilsvart er det ikkje. Alle løp kan ikkje vere like gode. Faktisk har 15 av 20 løp i år vore gode, seier han.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Med NM-gull opp og i mente og ny personleg rekord på 3.000 meter, har førdianaren Marius Vedvik truleg levert sin beste sesong nokosinne.

Under Boysen Memorial på Bislett kom også den største nedturen på fleire år.

– Akkurat no er det veldig tungt. Eg er veldig skuffa, seier Gular-løparen etter svake 14,12,77 på fem kilometeren.

Mangla energi

Tida gav han 7.-plass av 15 startande. Vann gjorde løpskometen Jakob Ingebrigtsen, som persa med nær eitt minutt. I mål var han over 20 sekund føre Vedvik.

– All respekt for Jakob, eg trur han kan ta OL-gull i framtida, men 23 sekund bak er alt for mykje på ein 5.000 meter, seier sunnfjordingen som allereie under oppvarminga kjende at han ikkje hadde noko god dag. Og det med grunn.

– På 3.000 meter sleppte eg gruppa meir og meir, og var tung i steget og mangla energi, seier han.

– Det snur fort

Vedvik meiner han vart for ivrig etter at han vart første frå fylket under åtte minuttar på ein 3.000 meter .

– Eg har nok gått på ein treningsmessig smell, så eg har teke det med ro siste dagane og vil nok gjere det framover også, seier han.

No blir det å ta ein prat med trenaren, før han førstkommande onsdag stiller på startstreken på ein 5.000 meter i Finland.

– Men det er ikkje noko grunn for å grave seg ned. Det snur fort. Det har det gjort før, seier han.

Fleire lokale

Fleire lokale utøvarar var i sving under Boysen Memorial på Bislett stadion i kveld. Trude Raad (Gloppen) kasta slegga 62,08 meter. Det er godt over meteren bak hennar personlege rekord.

På 100 meter hekk vart Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) nummer tre med tida 14,11, medan bror Øyvind vart nummer fire i A-finalen på 100 meter flatt med tida 10,58.

Jostein Joshua Fossøy (Førde) tok 7.-plassen i same finale med 10,94.