Hopp til innhold

Frå 1. mai får desse borna dobbelt så lang busstur til skulen

HYEN (NRK): Skuleborn på Solheim i Hyen får frå 1. mai nesten dobbelt så lang busstur som i dag. Årsak: To bussruter skal slåast saman.

Skuleborn på bussen

DOBBELT SÅ LANG TUR: Frå 1. mai må desse jentene sitte på bussen bortimot to timar kvar dag.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

No håpar foreldra at ungane på litt lengre sikt kan få gå på skule i Eikefjord i nabokommunen Flora og dermed få langt kortare skuleveg.

På Solheim vart grendeskulen lagd ned i 2008, som ein av mange hundre grunnskular som er lagde ned dei siste 10 åra.

Inger Mari Akse og familien bur på Solheim, og borna har i dag nærmare ein times reise tur/retur kvar skuledag. Frå 1. mai blir bussturen nær dobbelt så lang.

Inger Mari Akse

MED HJARTET I HALSEN: Inger Mari Akse bur på Solheim.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Vegen er rasfarleg og stygg

– I dag står vi opp klokka sju, men snart må vi opp endå tidlegare, for no skal skuleruta gå klokka åtte i staden for ti på halv ni. Fylkeskommunen legg ned skuleruta til Eimhjellen, og difor må bussen herifrå innom der også. Det svarar til godt ein time kvar veg.

I dag tek turen frå Solheim til Hyen ein halv time, slik at reisetida blir dobla.

– I tillegg er vegen rasfarleg og stygg, og det gjer ikkje saka betre. Det gjekk eit ras for ei god veke sidan, så vi sit med hjartet i halsen kvar gong vi sender dei av garde, seier Akse.

Vil til nabokommunen

No håpar Inger Mari Akse at dei i staden kan få sende elevane til Eikefjord i Flora og få både kortare og tryggare veg.

– Vi håpar kommunane kan samarbeide seg imellom slik at vi etter kvart kan få sende ungane til Eikefjord. Dit er det berre 20 minutt å køyre, så det er berre halve vegen, seier Akse.

Rektor ved Hyen skule, Jørgen Dølvik Husbyn, forstår fortvilinga til foreldra.

– Det er trist at ei ruteendring frå fylkeskommunen skal leggje ei tidsklemme på ein 6-åring. Det er nesten så det er vanskeleg å forstå, seier Husbyn.

Jørgen Dølvik Husbyn

UROA: Rektor ved Hyen skule, Jørgen Dølvik Husbyn, er uroa for kva den lange bussturen gjer med borna.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Han er også kritisk til at borna må sitje stille så lenge.

– Eg som rektor er uroa over at elevar skal sitje stille så lenge på bussen, opp til ein time kvar veg, seier Husbyn.

Ser på andre løysingar

Oppvekstsjef i Gloppen, Olav Fure, ser utfordringane foreldra og borna har å stri med.

– At dei som har lengst reisetid i dag skal få dobbel reisetid, er bortimot heilt uhaldbart, seier Fure.

Han legg til at kommunen jobbar med å sjå om det er råd å få til andre løysingar.

– Vi er berre kjøparar av ei teneste frå fylket. Vi er dessverre ikkje heilt fri til å gjere som vi vil, utan at vi betalar heile rekningar, for pengar som vi ikkje har, seier Fure.