Hopp til innhold

Fotballtalent ferdige i Sogndal

Fotballtalenta Stefan og Peter Aase frå Florø er samde med Sogndal om å avslutte arbeidsforholdet.

Stefan (t.v.) og Peter Aase

FERDIGE: Som 16-åringar skreiv tvillingane Stefan (t.v.) og Peter Aase under for Sogndal for to år sidan.

Foto: Arve Uglum / NRK

Brørne, som vert rekna for å vere dei største talenta på lenge i fylket, skreiv under for eliteserieklubben i 2011 .

Sidan har Stefan og Peter Aase i hovudsak spelt for moderklubben på lån. Ifølgje Sogndal Fotball sine nettsider er tvillingane samde med Sogndal om å avslutte arbeidsforholdet frå og med 20. juli.

18-åringane returnerer no permanent til moderklubben.

– Slutninga har vore ein del av ein gåande prosess den siste tida, då dette var eit ynskje frå Peter og Stefan. Bakgrunnen har vore manglande speletid på førstelaget til Sogndal, skriv klubben og ynskjer 18-åringane lukke til i framtida.