Denne typen avtalar er ein ny trend i norsk fotball. Avtalen som Førde har laga er i stor grad bygd på den Vålerenga fotball har i sine aldersbestemte lag. Den stiller krav til at spelarar til dømes er presise og melder får dersom dei ikkje kan møte på kamp eller trening. Ungdommane skal avstå frå bruk av alkohol og tobakk og ha kontroll over eige temperament.
Det er eigentleg ikkje noko stort problem å leve etter. Det er berre å oppføre seg skikkeleg, seier Vie.
Foreldra må også signere
Det som kanskje er meir spesielt er at også foreldra må signere på avtalen. Dei forpliktar seg til å ikkje kritisere dommaravgjerder og opphalde seg i god avstand frå spelarane under kamp. Dersom dei ikkje vil signere avtalen, blir ungane ekskluderte frå idrettslaget.